Årstad vgs

Morten Wanvik

Stenger alle vidaregåande skular

Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars. Dette gjeld i første omgang for to veker. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halde oppe den faglege progresjonen til elevane.

Også vaksenopplæring, fagskulane, Manger folkehøgskule og Hyssingen produksjonsskule vert stengde.

– Vi stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusere vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

– Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier han.

Elevane vil framleis få undervisning, slik at den faglege progresjonen i størst mogleg grad vert halden oppe. Elevane vil få nærare informasjon via Teams og læringsplattforma It's learning.

Alle tilsette møter på skulane som vanleg.