www.flora.vgs.no

Innsamlingssjefar

Stolte og kry!

Florarussen sikra innsamlingsrekord til kreftsaka!

Florarussen sikra innsamlingsrekord!

Russen sitt mål var å samle inn meir i årets innsamling til kreftforeninga enn nokon gang før. I fjor samla russen inn i overkant 115 000 kr. Det var rekord den gongen. I år klarte russen å samle inn 126 000 kr.

"Det er vi nøgde med. Vi hadde som mål å slå fjorårets kull, dei samla inn 115.000 kroner. Så det greidde vi", seier aksjonsleiarane Lea Tatabod Jansen (3stb) og Frida Gjøringbø (3stb).

Frå Sparebanken Sogn og Fjordane kom det 5000 kroner til aksjonen. Mix Gobiten gav 1000. Men heile 50.000 kroner kom frå INC Gruppen, med meldinga «vi er stolte av den flotte ungdommen vår som samlar inn pengar til ei så viktig sak».

– Det er vi kjempeglad for, utbryt jentene

Link til saka i Firdaposten under :

https://www.firdaposten.no/lokalnytt/russ/inc-gruppen/russen-samla-inn-rekordbelop-til-kreftsaka-hos-inc-gruppen-aleine-fekk-dei-50-000/s/5-16-300950 

Tips ein ven Skriv ut