Flora vidaregåande skule
FLORA VGS VINTER

Studieinformasjon til 10. klasse og føresette

 

Informasjon til 10.klasse og føresette:

Vi plar invitere til fysiske møte på Flora vgs, men pga. koronasituasjonen er det usikkert om dette lar seg gjennomføre i år. Vi har difor laga ei oppsummering av det vi tradisjonelt tek opp på desse møta. Sannsynlegvis kan rådgjevar frå Flora vgs. besøke ungdomskulen for å informerer og svare på spørsmål frå elevane.

Om det vert opna opp for møter etter 19.januar, vil vi legge til rette for det. I så fall vert det påmelding til møta.

Generelt om søking:

-Elevane får MinID kodar i posten rundt årskiftet. Ta vare på desse. Legg inn e-post, telefonnummer+ vel ein kode du kan huske. (Eleven bør ha eige telefonnummer og eigen e-post til dette.)

-Søknadsfrist er 1.mars (nokon har 1.februar, dei det gjeld vert kalla inn til eigne innsøkingsmøte.)

- Det er viktig å tenke godt gjennom kva ein ønsker som både 1, 2 og 3 val. Ikkje sett opp skular du ikkje ønsker å gå på.

- Byting på rekkefølge medfører -5 inntakspoeng og det må søkast og grunngjevast for å få innvilga.

- Ein må svare på inntaket elles mister ein plassen ein får tildelt. Ein kan legge inn førehandsvar i mai/juni.

Lånekassa

Alle får utstyrsstipend frå lånekassa om ein søker. Dette skal nyttast til PC/arbeidstøy m.m. Dei som treng verneutstyr får høgare stipend enn andre elevar. Viss føresette har låg inntekt, kan ein og få grunnstipend. Dei som bur på hybel får bortebuarstipend.

https://lanekassen.no/nb-NO/stipend-og-lan/norge/videregaende-skole/

PC

Alle må ha eigen PC på vidaregåande skule. Det er ikkje nok med nettbrett. Ein kan velje å kjøpe og ta med sin eigen eller via ein leigeavtale med fylkeskommunen.

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

 

Viktig å tenke gjennom før søking:

-Kan du tenke deg eit praktisk yrke?

-Kan du tenke deg å studere i 3-5 år etter vidaregåande?

-Liker du godt fag som matematikk, engelsk, norsk?

-Ønsker du å ha eit anna framandspråk enn engelsk (tysk, fransk, spansk)? Studie og idrett må ha det, medan yrkesfag ikkje har plass til det.

-Ønsker du å verte lege, dyrlege, biokjemikar, astrofysikar eller noko anna som krev spesielle fagkombinasjonar på vidaregåande?

Ta nokon testar på vilbli.no :https://www.vilbli.no/nb/nb/no/test-quiz-landing/p

Testane kan vere ei hjelp til å velje riktig.

 

Ungdomsrett og nærskulepoeng :

Elevar som bur i Florø har ungdomsrett i Vestland. Dei får 100 ekstra poeng for innsøking i sitt nærskuleområde. Dette gjeld programområde som finnast i eleven sitt nærområde. I praksis betyr det at alle søkarar i eit nærskuleområde, kjem inn før elevar frå andre område. Når det gjeld programområde som ikkje finnast i Florø sitt nærområde (som for eksempel musikk/dans/drama) stiller ein likt med alle i Vestland. Elevar som bur i Florø, Eikefjord, Bremanger, Førde, Sunnfjord, Høyanger, Måløy og Solund har nærskulepoeng til Flora vgs.

https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2020/vestland-innforer-narskuleprinsipp/

Skilnaden på yrkesfag og studiespesialiserande

Klassestørrelse: 12-16 elevar på yrkesfaga

Studiespesialiserande og idrett: 30 elevar.

 

Løpet vidare:

Yrkesfag= 2 år på skule, så er ein lærling i 2-2,5 år før ein tek eit fagbrev. (lærlingtida er betalt).

Viss ein etter to år på yrkesfag ikkje ønsker å verte lærling, kan ein velje:

-Påbyggingsår: Det fører til at ein kan begynne på universitet og høgskule

-Forkurs til ingeniør=1-årig, før eit 3-årig ingeniørstudium.

Sjølv om ein tek fagbrevet, kan ein og bygge på som beskrive ovanfor+ Fagskulen.

 

Studiespesialiserande og idrett: 3 år på skule.

Etter skulegang går ein oftast på høgskule/universitet i 3-6 år før ein startar i arbeid.

Fag på yrkesfag/studie/idrett første året på vgs.

 

 

Yrkesfag

Studiespes.

Idrett

Antal elevar pr klasse

12-16

30

30

Timetal pr veke

35

30

35

Framandspråk II

(Tysk/Fransk/Spansk)

Har ikkje

4

4

Matematikk timar pr veke

3

5

5

Engelsk timar pr veke

5

5

5

Naturfag timar pr veke

2

5

5

Norsk timar pr veke

0

4

4

Kroppsøving timar pr veke

2

2

(7-12)

 

Timetal som er spesielt for linja

23 (Yrkesfag)

5 (Samfunnsfag og geografi)

7-12

 

 

Matematikkvalg:

 

Alle skal velje om ein skal ha praktisk eller teoretisk matematikk. Dette gjeld for alle uavhengig av studieretning. Dei fleste på yrkesfag tek praktisk matematikk. Dette valet vert gjort dei 2-3 fyrste vekene på hausten.

 

Teoretisk matematikk: Dei som ønsker å verte lege, tannlege, ingeniør, veterinær, arkitekt, siviløkonom eller studere realfag må/bør velje teoretisk matematikk. Dei som ønsker fordjuping i matematikk i vg2 og vg3 må ha teoretisk matematikk i vg1. Dei andre kan velje praktisk matematikk. Ein bør ha karakteren 4 eller betre i matematikk frå ungdomskulen for å velje teoretisk matematikk.

 

 

Språkval: Gjeld kun studiespes/idrett

 

2. framandspråk: Dei som går studiespesialisering/idrett skal ha 2. framandspråk. Vi tilbyr fransk, spansk og tysk. Dei som har hatt språk i 3 år på ungdomsskulen, skal ha 2. framandspråk  i 2 år på vidaregåande skule.

 

Dei kan fortsette på nivå 2 i språket dei hadde på ungdomsskulen, eller begynne med eit nytt framandspråk på nivå 1.

 

Dei som har hatt engelsk/norsk fordjuping på ungdomsskulen, må ha 2. framandspråk i 3 år på vidaregåande (Skal ha både nivå 1 og nivå 2). Språkvalet må skje før skulestart.

 

-Når du søker på VIGO: Huk av for kva språk du har hatt og kva språk du ønsker på vidaregåande.

Vi gjer merksam om at vi ikkje kan tilby alle språk på fleire nivå!

 

Dei tilboda vi har på Flora vgs er:

- Studiespesialiserande linjer:

-Idrettsfag

- Studiespesialiserande: På vg2

vel ein spesialisering i realfag eller språk/samf.fag/økonomifag.

I tillegg har vi påbygg, som ein kan ta i vg3 etter yrkesfag i vg1 og vg2.

Yrkesfag:

Vg1:

- TIP: Teknologi og industrifag

- Byggfag: Bygg og anleggsteknikk

- Service, samferdsel og reiseliv

- Helse og oppvekstfag

- Elektrofag og datateknologi

For meir informasjon om kva ein arbeider med på dei ulike linjene, kan de gå inn på skulen si heimeside: https://www.flora.vgs.no/

På vilbli.no er det skrive om ulike programområde og vegen vidare etter vg1.

Kan lesast her:https://www.vilbli.no/nb/nb/no

Viss ein ønsker informasjon om studium etter vidaregåande, er samordnaopptak staden der ein finn oppdatert informasjon om fagkrav og karakterkrav m.m. 

https://sok.samordnaopptak.no/#/admissions/6

Elles er Flora vgs. aktiv på Instagram, Facebook og Snapchat. Følg oss gjerne der:

Instagram: floravgs_

Snapchat: floravgs

Facebook: Flora vidaregåande skule

 

Beste helsing

 

Flora vgs. ved rådgjevar Tone Erdal

 

Kontaktinformasjon for skulen:  

Tlf: (+47) 57 63 76 00
E-post: post.flo@vlfk.no 

 

Rådgjevar Flora vgs: Tone Erdal

Tlf: 41530680

e-post: tone.berqvam.erdal@vlfk.no

 

Rådgjevarane på dei ulike ungdomskulane kallar inn 10.klasse elevane og hjelper med søking i vigo.

Dei kan og svare på det meste om vidaregåande opplæring. Viss det likevel er noko anna de ynskjer svar på, så ta kontakt!