
elevar ser på elevar som held ein presentasjon i eit auditorium
Studieførebuande
Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialiserande har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule.
Studieførebuande linje gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Flora vgs. ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studium gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel!
Studieførebuande ved Flora vgs.
Skulen har to parallellklassar med 30 elevar i kvar klasse. I Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). I Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må vere innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje idrettsfag.
For deg som vil studere vidare
Når du har fullført og bestått tre års skulegang, så får du generell studiekompetanse. Då kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studium krev at du vel spesielle fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.
Det første året, Vg1
Du må ha 30 timar i løpet av året. Dersom du ynskjer, så kan du velje breidde-/toppidrett.
Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:
- Engelsk: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Norsk: 4 timar
- Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Naturfag: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Samfunnsfag: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Geografi: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Kroppsøving: 2 timar
- Framandspråk: nivå1 tysk/nivå 2 spansk, fransk, tysk
Det andre året, Vg2
Fellesfag/obligatoriske fag på Vg2 er til saman 15 timar. Resten av faga kan du velje sjølv. Fellesfaga er:
- Norsk: 4 timar
- Historie: 2 timar
- Kroppsøving: 2 timar
- Framandspråk: nivå 1 tysk/nivå2 spansk, fransk, tysk, standpunktkarakter på vitnemål
- Matematikk 2P (Praktisk matematikk): standpunktkarakter på vitnemål (fell vekk dersom Realfagsmatematikk 1 eller Samfunnsfaglig matematikk 1 er valt)
Det tredje året, Vg3
Fellesfag/obligatoriske fag på Vg3 er også 15 timar, som du ser punktvis nedanfor. Resten er fag du vel / programfag.
- Norsk: 6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
Programfag på Vg2/Vg3
Dei fag du kan velje kallar vi programfag. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (til saman 10 timar per veke). I tillegg kan du velje eitt fag til uavhengig av programområde (5 t/v). Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Eksempel: Dersom ein tek 35 timar første året og 30 timar andre året, så kan ein klare seg med 25 timar på vg3. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.
Programfag på studiespesialisering vg2:
Program realfag |
Program språk og samfunnsfag, økonomi |
Program for Idrett/ Musikk, dans, drama |
Matematikk R1(2MAR) |
Internasjonal engelsk 2ENG |
Breiddeidrett |
Matematikk S1 (2MAS) |
Sosiologi og sosialantropologi 2SOS |
Toppidrett |
Biologi 1 (2BIO)/ 3BIO |
Rettslære 2RTS |
|
Kjemi 1 (2KJE) |
Samfunnsøkonomi 2SØK |
|
Fysikk 1(2FYS) |
Entreprenørskap 2ENT |
|
Informasjonsteknologi 2ITA/ 3ITA |
|
|
Programfag på studiespesialisering vg3:
Program realfag |
Program språk og samfunnsfag, økonomi |
Program for Idrett/ Musikk, dans, drama |
Matematikk R1(2MAR) Matematikk R2( 3MAR) |
Internasjonal engelsk 2ENG Samfunnsfagleg engelsk 3ENG |
Breiddeidrett |
Matematikk S1 (2MAS) Matematikk S2 (3MAS) |
Sosiologi og sosialantropologi 2SOS Politikk og menneskerettar 3POM |
Toppidrett |
Biologi 1 (2BIO) Biologi 2 (3BIO)* |
Rettslære 2RTS Rettslære 3RTS |
|
Kjemi 1 (2KJE) Kjemi 2 (3KJE) |
Samfunnsøkonomi 2SØK Samfunnsøkonomi 3SØK |
|
Fysikk 1(2FYS) Fysikk 2 (3FYS) |
Entreprenørskap 2ENT Entreprenørskap 3 ENT |
|
Informasjonsteknologi 2ITA Informasjonsteknologi 3ITA* |
|
|