Flora vidaregåande skule
One of the lodges in Nkhotakota

One of the lodges in Nkhotakota

To spennande stillingar i Malawi

Vil du jobbe med yrkesopplæring og entreprenørskap eller leie eit solenergiselskap i Malawi? Vi har to stillingar via Fredskorpsprosjektet vårt ledig frå februar 2018. Begge engasjementa er på 13 mnd.

Bakgrunn

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Gjennom Fredskorpset får vi finansiert to stillingar som skal støtte utviklinga gjennom sin kompetanse. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota . Vi er på god veg, men det nok av utfordringar å ta i frå. Frå 14. februar 2018 treng vi to driftige personar som kan ta over etter fredskorpsdeltakarane som er der i dag.

Malawi vert ofte referert til som «The warm heart of Africa» er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret som ligg ved innsjøen bur det kring 35,000 innbyggarar, der er ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Deltakarane disponerer eige hus med hage.

Vil du leie eit solcelleselskap i Malawi?

Vi treng ein leiar som kan vidareutvikle Kumudzi Kuwale Ltd. («landsbylys») som driv med sal, installasjon og service av solenergiløysingar på landsbygda i Malawi. Kumudzi Kuwale er eit dotterselskap av NYO, vart starta opp i 2013 og har per dags dato 40 lokale tilsette med stor kompetanse innan solenergi. Selskapet driv ein butikk, ladestasjonar i rurale strøk og tar på seg større installasjonsoppdrag. Vi treng ein person som er interessert i å utvikle dette spanande sosiale føretaket vidare. Dei tilsette er vand med ein delegerande leiar som gjev dei stort ansvar. Sjekk også heimesida og facebooksida til Kumudzi Kuwale.

Arbeidsoppgåver, leiar for Kumudzi Kuwale Ltd:

  • Drive fram utviklinga av selskapet Kumudzi Kuwale.

  • Tilsetting, rettleiing og opplæring av personell.

  • Utviklingsarbeid innan teknikk og distribusjon av «off-grid» løysingar for solenergi.

  • Etablere og vidareutvikle samarbeid med partnarar, leverandørar og donorar.

  • Rapport- og søknadsskriving til styre, partnerar og donorar.

  • Kontrollere resultatet av verksemda og sikre økonomisk bærekraft i forretningsmodellane.

  • Legge til rette for at fleire jenter vil ta del i Kumudzi Kuwale sine aktivitetar.


    Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn.  

  • Evne til å ha ein rettleiande og delegerande leiarstil.

  • Resultatorientert med handlekraft.

  • Kunne styre økonomien i eit selskap.

  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.

  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.

  • Relevant utdanning og erfaring knytt til fleire av fagfelta; leiing, entreprenørskap/forretningsutvikling, økonomi/administrasjon.

  • Relevant teknisk bakgrunn innan elektro/solcelleteknologi, klima, energi/miljø er positivt men ikkje påkrevd.

  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.

  • God engelsk munnleg og skriftleg.

  • Alder 22-35 år, jfr. Fredskorpsets retningslinjer.


    Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart i Februar 2018.

  • Krav om deltaking på førebuingskurs (1 veke) før oppstart i regi av Fredskorpset.

  • Løn etter Fredskorpsets satsar, kring 15,000 kr per mnd.

  • Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Malawi.

  • Atterhald om finansiering frå Fredskorpset.

  • Meir informasjon får du hos Øystein Garfors, (tlf 41 53 06 03) eller hos Jon Strand som leiar Kumudzi Kuwale i dag (jon.strand@kumudzikuwale.com).

  • Send søknad og CV på engelsk innan 27. september til oystein.garfors@sfj.no.


    Vil du jobbe med entreprenørskap og yrkesopplæring i Malawi? 

    Rådgjevaren innan entreprenørskap skal vidareutvikle eit karrieresenter for ungdom under yrkesfagutdanning. Årleg utdannar dei kring 100 ungdom innan sveising, skreddar/design, byggfag, elektro og IKT. Karrieresenteret tilbyr rådgjeving og utdanning innan entreprenørskap til alle elevane. Dei støttar dei også med å skaffe seg jobb, eller starte for seg sjølv under og etter studiet. I tillegg vil rådgjevaren bli involvert i drift av eit kultursenter som driv ein restaurant, musikkskule, teikne- og danseklassar, i tillegg til å arrangere ulike events. Sjå meir på heimesida og facebooksida til NYO.

    Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap

  • Jobbe i team med øvrige tilsette på karrieresenteret.

  • Etablere gode strukturar for oppfølging av elevar under og etter skulegang.

  • Undervise i entreprenørskap og karrierekunnskap.

  • Etablere og vidareutvikle samarbeid med partnarar.

  • Utvikle og etablere inntektsgivande aktiviteter for yrkesopplæringssenteret, restauranten og kultursenteret.

  • Delta i leiarmøter for Nkhotakota Youth Organisation.

  • Oppfølging og koordinering av utviklingsprosjekt støtta frå donorar.

  • Koordinere drifta for aktivitetar knytt til kultursenteret.

  • Kreativ ressursmobilisering for å støtte aktivitetar knytt til kultursenteret.

  • Vere mentor for 2 norske FK Ung deltakarar som jobbar for musikkskulen.

  • Legge til rette for at fleire jenter vil ta del i organisasjonens aktivitetar.

    Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

  • Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn.  

  • Resultatorientert med handlekraft.

  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.

  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.

  • Relevant utdanning eller erfaring knytt til eit eller fleire av fagfelta; entreprenørskap, økonomistyring, rettleiing, rådgjeving eller event-management.

  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.

  • God engelsk munnleg og skriftleg.

  • Alder 22-35 år, jfr. Fredskorpsets retningslinjer.

    Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart i Februar 2018.

  • Krav om deltaking på førebuingskurs (1 veke) før oppstart i regi av Fredskorpset.

  • Løn etter Fredskorpsets satsar, kring 15,000 kr per mnd.

  • Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Malawi.

  • Atterhald om finansiering frå Fredskorpset.

  • Meir informasjon får du hos Øystein Garfors, (tlf 41 53 06 03) eller hos Anne-Lene Østli som har jobben i dag (alostli@gmail.com).

  • Send søknad og CV på engelsk innan 27. september til oystein.garfors@sfj.no.