Flora vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Ungdomsbedrifter
ungdomsbedrifta aDABt UB poserer etter å ha vunne NM med beste forretningsplan

Foto: Flora vgs

Ungdomsbedrifter

Ungdomsbedrift bygger på prinsippet om å lære gjennom å gjere. I løpet av skuleåret vil elevane som er med på dette bruke ulike fagkunnskapar på ein praktisk måte og få erfaring frå å drive ei bedrift. Flora vgs har hatt ungdomsbedrifter med i NM 5 gonger dei siste 10 åra. Nedanfor kan du lese om årets ungdomsbedrifter.

Prosjekt Malawi UB

Prosjekt Malawi UB er ei ungdomsbedrift som står ansvarleg for å organisere internasjonal dag og aksjonsdag. Dei er også med på å bestemme korleis skulen skal bruke desse pengane inn mot sine partnarar i Malawi og Uganda. Det er viktig for Flora vgs at elevane tek del i det internasjonale arbeidet. Medlemmene i Prosjekt Malawi er også kopla opp mot både Norec samarbeidet og Building skills for jobs. Ungdomsbedrifta vart starta første gang i 2010. Ansvarleg lærar er Trond Ole Hjorthaug, Mentor er Torgeir Halvorsen.

Trimigrering UB (2012-2019)

Trimigrering UB driv sosialt entreprenørskap og består av heile 3. klasse idrett (26 elevar). Dei skal dette skuleåret ta ansvar for all kroppsøving for innvandrarsenteret. Gjennom tilpassa aktivitetstilbod skal dei drive med trim og integreringsarbeid for dei ca 50 elevane. Her får innvandrarsenteret topp motiverte gymlærarar som også har som mål å hjelpe elevane å bli betre integrerte i Flora-Samfunnet. Trimigrering har dreve i seks år med samme forretningsidé - men har pause i 2019-2020.

Afrinvest UB (2018-2019)

Afrinvest fokuserer på nyskaping og entreprenørskap. Målet våras er å ta del i etableringa av fleire bedrifter og enkeltpersoner i Malawi og Uganda. Afrinvest er ein ungdomsbedrift, som er lokalisert på Flora VGS. I bedrifta er vi 12 elevar frå vg2 og vg3. 


Bedrift på TIP (2019-2020)
 

Bedrift på Service og Samferdsel (2019-2020)