Flora vidaregåande skule
european

Utlysing av stipend til European Space Camp 2021

Søknadsfrist 12.04.21

 

European Space Camp 2021 er ein sommarleir for elevar med interesse for real- og teknologifag. Tema for leiren er mellom anna knytt til raketteknologi og fenomen i verdsrommet.

 

Leiren er planlagd avvikla i tida 01.- 07. august 2021. sjå lenke her:  European Space Camp - 2021 (narom.no).

 

Vestland fylkeskommune har høve til å sende to elevar til European Space Camp 2021. Kursavgifta vert betalt av Vestland fylkeskommune. Deltakarane må sjølve betale reistkostnadane. Aktuelle deltakarar må fylle desse kriteria:

 

  • Vere i alderen 17-20 år ( født mellom 1. januar 2001 og 31. desember2004),

 

  • ha matematikk ( minimum R1) og Fysikk1 som fag frå vidaregåande skule,

 

  • meistre engelsk godt skriftleg og munnleg (engelsk er arbeidsspråk på leiren),

 

  • ha gode evner for samarbeid.

 

MERK! Søkjarar kan ikkje fylle 21 år i løpet av året, men kan vere 16 år og fylle 17 år.

 

Søknadsfrist: 12.04.2021. Søknad må innehalde desse opplysningane:

 

1. Fullt namn og fødselsdato,

 

2. Adresse,

 

3. Telefonnummer,

 

4. Privat e-postadresse,

 

5. Namn skule du er elev ved,

 

6. Grunngjeving for kvifor du bør få ein av stipendplassane ved ESC 2021.

 

Send søknad til e-postadressa: berit.nyland@vlfk.no.