Flora vidaregåande skule
Lånekassen tilbyr både lån og stipend - her illustrert som ein haug med pengar

Lånekassen tilbyr både lån og stipend - her illustrert som ein haug med pengar

Utstyrsstipend og endringar frå Lånekassen

Er du elev i vgs og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend. Les også om nye endringar for skuleåret 16/17

Utstyrsstipend

Du får stipendet same kor mykje foreldra dine tener eller kor stor formue dei har, men hugs at du må søkje for å få det. Sjå kor mykje du kan få på lanekassen.no
Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend. Les meir om kva du kan få på lanekassen.no


Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend også. Du søkjer om stipend på lanekassen.no eller vigo.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Hugs å søkje når du har fått opptak!

Endringar

Her er ei oversikt over dei viktigaste endringane for elevane dykkar.

Foreldre til elevar under 18 år skal signere avtalen om støtte: Slik det er i dag, må både forelder og elev signere avtalen om støtte når eleven er under 18 år, uavhengig av om eleven berre får stipend, eller stipend og lån. Nytt frå neste undervisningsår er at berre forelder/verje skal signere dersom eleven berre får stipend. Får eleven lån, skal framleis både eleven og ein forelder / ei verje signere avtalen.

Endring i kva satsar for utstyrsstipend som gjeld for ulike utdanningsprogram  Det er somme endringar i kva satsar for utstyrsstipend som gjeld for dei ulike utdanningsprogramma.