Vaksine[1]

Vaksine mot meningokokksykdom (smittsam hjernehinnebetennelse)

Gratis vaksine for elevar i alderen 16-19 år

Vaksine mot meningokokksykdom (smittsam hjernehinnebetennelse) 

 

Folkehelseinstituttet anbefaler at all ungdom i alderen 16-19 år vurderer å vaksinere seg mot meningokokksykdom (smittsam hjernehinnebetennelse).  

Elevane på Flora Vgs får tilbod om vaksinering på skulen. Vaksinen er effektiv mot dei vanlegaste sjukdomsframkallande meningokokkbakteriane (A,C,W,Y). Vernet varer i ca. 10 år.  

 

Tok du vaksinen førre skuleår eller 2018/2019, treng du ikkje å ta vaksinen no. 

 

Vestland fylkeskommune og Kinn kommune tilbyr gratis vaksine for elevar i alderen 16-19 årElevar som har fylt 20 år må betale vaksinen sjølve (kr 400). 

 

Du får påmeldingsskjema frå klassen elevrådsrepresentant. Utfylt skjema leverast til helsesjukepleiar eller i resepsjonen seinast måndag 23.november 

 

Vaksinering vil finne stad på skulen torsdag 10.desember og fredag 11.desember.