Flora vidaregåande skule
Sara Solberg, Roxana Pascu, Yana Voby og Sandra Leirgulen frå Flora Vgs vann konkurransen i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Sara Solberg, Roxana Pascu, Yana Voby og Sandra Leirgulen frå Flora Vgs vann konkurransen i barne- og ungdomsarbeidarfaget STEFFEN H STARHEIM

Vann fylkesmeisterskap i yrkesfag

Onsdag 14. februar konkurrerte 133 elevar i til saman 20 ulike fag under fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule.
 

Leiar for hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger, opna konkurransen, som tok til kl. 10.00. Etter fire timar med ulike konkurransar, var det tid for å kåre vinnarar og dele ut premiar.  Alle konkurransane var opne for publikum, og elevar ved Sogndal vidaregåande skule var guidar og fortalde om dei ulike faga. Ungdomsskuleelevar var spesielt inviterte til å kome å sjå faga utført i praksis.

 

Sara Solberg, Roxana Pascu, Yana Voby og Sandra Leirgulen frå Flora Vgs vann konkurransen i barne- og ungdomsarbeidarfaget, medan Christoffer Sønnervik vann konkurransen i industrimekanikarfaget. Vi gratulerer dei flinke elevane våre! 

 


xbxb