Flora vidaregåande skule
Torbjørn og Mathias frå Mangfold UB - fotografert i vårsola utanfor Flora vgs

Torbjørn og Mathias frå Mangfold UB - fotografert i vårsola utanfor Flora vgs

Vann pris for beste sosiale entreprenør

Mangfold UB vart kåra til beste bedrift i klassen beste sosiale entreprenørskapsprosjekt på fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Førde tysdag 14/3.

Bedrifta består av Torbjørn Brendø Osland og Mathias Johansen Magnussen frå vg2 sal, service og sikkerhet. Tre kveldar i veka stiller dei opp som trenarar for innvandrarungdom frå Flora Kommune. Både Florø Fotball, Frivillighetssentralen frå kommunen og KOA har stilt seg bak for å gjere dette mogleg.

I løpet av ei veke er mellom 30-40 elevar innom treningane. Dette er eit vellukka integreringsarbeid kor gutane brukar si interesse for Fotball til å hjelpe ei gruppe vanskelegstilte ungdommar til å mestre kvardagen sin litt betre.

Skulen gratulerer så mykje!