Flora vidaregåande skule
Idar Sund som vann prisen i røyrleggarfaget

Idar Sund som vann prisen i røyrleggarfaget

Vann prisar på fylkesmesterskap i yrkesfag og entreprenørskap

Flora vidaregåande Skule stilte med 27 deltakarar på mesterskapen på Eid 14. februar. Skulen tok fem medaljar med seg heim.

Idar Sund tok fylkesmeistertittelen i røyrleggarfag, medan ei gruppe på fire frå barne- og ungdomsarbeidarlinja (tok med seg fylkesmeistertittelen i si gruppe. Skulen stilte også med representantar i konkurransen for elektrofag, tømrarfag, murarfaget, salsfaget og industrifag.

barn og ungdom vinnarar på fylkesmesterskap 2019

Samtidig vart det også arrangert fylkesmesse for ungdomsbedrifter.Her stilte ungdomsbedritene Prosjekt Malawi UB og Afrinvest UB. Afrinvest tok heim fleire prisar, mellom anna bærekraftsprisen. Dei vart også valt til å representere fylket i NM som vert halde på Lillestrøm i slutten av april.

Afrinvest UB

Gratulerer med prisane.

Les meir i artikkel frå Firdaposten.

 

Tips ein ven Skriv ut