Flora vidaregåande skule
Ungdomsbedriftene NAPO UB (til venstre i bildet) og GreenPlastic UB skal vidare til NM i ungdomsbedrifter.

Ungdomsbedriftene NAPO UB (til venstre i bildet) og GreenPlastic UB skal vidare til NM i ungdomsbedrifter.

Vann seks prisar for miljøengasjement

Ungt Entreprenørskapsforum Sogn og Fjordane 2018 vart arrangert den 15. mars i Førdehuset og ungdomsbedrifter frå Flora vidaregåande skule stakk av med heile fem prisar og billettar til NM. 

Ungdomsbedriftene NAPO UB og GreenPlastic UB frå Flora vidaregåande skule stakk torsdag av med heile seks prisar under Ungt Entreprenørskapsforum i Sogn og Fjordane. Både GreenPlastic UB og NAPO UB vil på kvar sin måte bekjempe marin forsøpling, og dei vann henhaldsvis 1. og 2. plass i bærekraftsprisen. I tillegg fekk NAPO UB 2. plassen for beste ungdomsbedrift. Sjå oversikt under for alle prisane som gjekk til Flora vidaregåande skule:

  • Beste Ungdomsbedrift - 2. plass : NAPO UB - Flora vgs
  • Beste Marknadsføringtiltak - 1. plass : GreenPlastic UB - Flora vgs
  • Beste HR bedrift - 1. plass : GreenPlastic UB - Flora vgs 
  • Bærekraftprisen - 1. plass : GreenPlastic UB - Flora vgs
  • Bærekraftprisen - 2.plass : NAPO UB - Flora vgs
  • Beste utstilling - 2. plass : NAPO UB - Flora vgs

- Bærekraftig business er framtida

Og det var ikkje berre prisar NAPO UB og GreenPlastic UB stakk av med. Saman med vinnaren for beste ungdomsbedrift, EarthCase UB frå Årdal, reiser dei 26.-27 april til NM for ungdomsbedrifter. Alle bedriftene som reiser til NM har ein tydeleg profil innan bærekraft:  

- Dette viser at det bur mykje i elevar som blir gitt ansvar og at bærekraftig business er framtida! Kjekk dag på jobb for ein stolt entreprenørskapslærar, seier lærar Øystein Garfors.

 Elevane sjølv er også veldig stolte: 

- Det føles utruleg kjekt å få ein pris for noko vi har jobba så mykje med. Det at vi får vere med å setje fokus på noko så viktig, betyr veldig mykje, seier Johanne Malene Grønnevik i GreenPlastic. 

- Ja, dette er verkeleg heilt supert! Å få anerkjenning for arbeidet gir oss motiviasjon til å jobbe vidare, legg Petter Bergli i NAPO UB til.