Flora vidaregåande skule
flora vid skule

Velkommen til skulestart 17.08.20

Velkommen til skulestart mandag 17/08/20! Gratulerer med tilbod om skuleplass ved Flora Vidaregåande Skule!

  • Info om oppmøte finn du nedanfor
  • Praktisk informasjon til nye elevar og føresette finn du her  
  • Fråvær grunna luftvegssymptom/karantene: Elevane må melde til kontaktlærar kvar dag dei er borte. Kontaktlærar førar fråvær grunna luftvegssymptom/karantene som heildagsfråvær og det vert merkt "Sjølvstendig studiearbeid". Kontaktlærar følgjer opp eleven ved gjenteke fråvær og meldar dette til avdelingsleiar.

Grunna koronavirus og smittevern vert skulestart organisert slik:

  • Elevar på VG1 vert kontakta av kontaktlærar før skulestart og det vert gjort avtale om individuelle samtalar og oppstartstidspunkt måndag 17.08.20 der og føresette vert inviterte. Tysdag 18.08.20 møter elevane på VG1 i klassen til felles opplegg som vanleg
     
  • Elevar på VG2 og VG3 vert kontakta av kontaktlærar før skulestart for avtale om oppmøtestad (klasserom) måndag 17.08.20 kl. 0845
     
  • Alle elevar har fått SMS med informasjon om smittevern og karantenereglar. Når elevane kjem til skulen måndag 17.08.20 skal alle starte dagen ved å møte i klasserommet, vaske hender og sitte på merkt/fast pult. Er du sjuk eller har symptom skal du vere heime og ta kontakt med skulen. Har du vore utanlands hugs at karantenereglane gjeld for elevar i skulen. Sjekk www.fhi.no
     
  • Skulane er på gult smittevernnivå. Sjå nedanfor.
     
  • Felles foreldremøte for føresette til elevar på VG1 og VG2 utgår denne hausten og vert erstatta av individuelle samtalar med kontaktaktlærar og felles informasjonsmateriell på skulen si heimeside. I samtale og gjennom informasjon på heimesida vert det gitt viktig informasjon om oppstart, om fraværsordninga, eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø, om informasjonskanalar for elevar/føresette og annan informasjon relevant for klassen.
     
  • Nærare informasjon om smittevern vert gjeve første skuledag.
     
  • Dersom elevar ikkje kan møte på skulen første dag må dei ta kontakt med skulen. Ein stadfestar at ein tek imot plassen ved å møte opp.

 

 

  • Når skal elever og ansatte ikke møte på skolen? (henta frå udir.no)

    Det er viktig at elever, foresatte og ansatte får tydelig beskjed og forstår grunnen til at elever med symptomer ikke skal møte på skolen.

    Elever og ansatte med luftveissymptomer:

  • Elever og ansatte skal selv med milde luftveissymptomer og sykdomsfølelse ikke møte på skolen. De skal holde seg hjemme til de er symptomfrie. 
  • Elever eller ansatte som har bekreftet covid-19:

  • Skal være i isolasjon. Det er helsetjenesten som beslutter hvem som skal være i isolasjon og hvor lenge, etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (se www.fhi.no). Retningslinjer til forskrift som regulerer isolasjon er gitt av Helsedirektoratet.
  • Elever eller ansatte som er nærkontakter/husstandsmedlem til en person med bekreftet covid-19:

  • Det er helsetjenesten som beslutter hvem som skal være i karantene og hvor lenge, etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (se www.fhi.no). Retningslinjer til forskriften som regulerer karantene er gitt av Helsedirektoratet.
  •  

    Elevar som ikkje kan møte på skulen grunna luftvegsymptom, påvist sjukdom eller karantene skal følge opp skulearbeidet ved å følgje periodeplanane for faga.
     

     

    Gult nivå – smittevern (frå udir.no)

  • Ingen syke skal møte på skolen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
  • Hele skoleklasser kan ha undervisning sammen
  • Elever bør ha faste plasser i hvert klasserom eller faste samarbeidspartnere/-grupper
  • Ansatte kan veksle mellom klasser, men bør holde avstand til elever så langt det er mulig
  • Utenfor klasserommet oppfordres elever og ansatte til å holde 1 meters avstand i alle situasjoner
  • Unngå trengsel og store samlinger
  • https://www.udir.no/contentassets/5b1a6afee55c45ef8c49c0505cd096e6/udir20003_plakater_nivainndeling_a3_videregaende-nyn.pdf

 

Info om elevopptaket

Skulane har ansvaret for inntaket frå 10. august. Skulen har få ledige plassar, men det kan bli nokre endringar i starten. Ta direkte kontakt på telefon (+47) 57 63 76 00. Elevar med ungdomsrett er prioriterte.


Lånekassen

Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke.

Les meir på Lånekassen sine nettsider om støtte til vidaregåande opplæring.


Skuleskyss

Dersom avstanden mellom heim/hybel og skule er 6 km eller meir har du rett på skuleskyss. Alle som skal ha skuleskyss må søkje på nytt då det er ny ordning for skuleskyss frå dette skuleåret.

Korta til alle elevane som hadde skyss vart deaktiverte ved skuleslutt i juni. Alle som skal ha skuleskyss må difor søkje på nytt, MEN dei skal bruke same skuleskysskortet alle åra dei går på vidaregåande. Korta vert opna opp att etter kvart som vi handsamar søknaden.

Elevar som har rett på skuleskyss, får gratis skyss til og frå skulen.

Reglane for skuleskyss er regulerte i opplæringslova, som mellom anna slår fast kor langt det må vere mellom heim og skule for at eleven skal ha rett på gratis skuleskyss.

Kringom.no finn du alt du treng å vite om skuleskyss for området Sogn og Fjordane i Vestland: https://www.kringom.no/om-skuleskyss.461569.no.html


 

Skulebøker, utstyr og bokskap

Dei lærebøkene du får låne tilhøyrer Flora vgs og er ein del av utlånsordninga for gratis læremiddel. Lånetida er eitt skuleår og du som elev må signere ein låneavtale på forhånd, dersom du er under 18 år må føresette skrive under og. I avtalen står dine plikter og ditt ansvar.   

Boklistene finn du i Teams. Det blir satt opp eigen plan for bokutlevering første skuleveka.

Bokskap kan du få leige for 100 kr (kontant). Det er miljøkoordinator og bibliotekar, som har ansvar for utleigeordninga, klassane får tidspunkt for tildeling av skap. Husk å ha med 100 kr om ein ynskjer skap.

Det er også krav om ein del utstyr før oppstart, spesielt på yrkesfaga.

byggfag vg1 PDF document ODT document , byggfag vg1 PDF document ODT document , byggteknisk vg2 PDF document ODT document  , industriteknologi vg2 PDF document ODT document  , klima, energi- og miljøteknikk vg2 PDF document ODT document  , elektro VG1:  http://file:///C:/Users/tinhol/OneDrive%20-%20Vestland%20fylkeskommune/Dokumenter/Utstyrsliste%20for%20elektro%20(003).pdf 


Bytte av programområde og klasse

Dersom du ønskjer å bytte frå eit programområde til eit anna må dette skje skriftleg - og må leverast personleg til rådgjevarane eller til pedagogisk leiar Vivian Nordstrand så snart som mogleg.  Mange klassar er fulle – men du kan vere heldig dersom du er tidleg ute. Der det er fleire som ønskjer bytte er det førstemann til mølla.

Det er rektor som avgjer klasseinndelinga, og elevane kan ikkje bestemme kva klasse dei vil gå i, eller krevje å byte klasse. Unntak kan gjerast dersom det er høve som har heimel i opplæringslovas kapittel 9a. Bytte av klasse kan ein gjere første veka.

 
Informasjon i Teams og på nett

Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og instruksar til Teams. Elevkommunikasjon mellom leiing, lærar og elev vil skje der. Der vil du og finne fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Teams, og som elev er du ansvarleg for å halde deg fagleg (og daglig) oppdatert på oppgåver, lekser og beskjedar som vert gitt.
 

Rådgjevingstenesta

Rådgjevarane på skulen er der for å hjelpe deg både til å gjere gode val med tanke på val av yrke og utdanning. Vi er der også dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa. På skulen si nettside vil du finne nyttig informasjon som gjeld deg og di framtid samt kontaktinformasjon til dei tre rådgjevarane. Du finn også informasjon om val av språk og matematikk samt mange gode lenker om yrke, utdanning og karriere. Meir informasjon og kontaktinfo finn du på skulens heimeside.

 Elev-pc

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin. Du kan bestille frå 6. juli.

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Særleg om elevPC for deltakarar på vaksenopplæringkursa:

- deltakarar på vaksenopplæringkursa skal ha datamaskin i opplæringa

- du kan bruk din eigen datamaskin som du har no, eller som på vaksenopplæringkursa kan du og kjøpe datamaskin gjennom elevPC-ordninga https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

- For detakarar på vaksenopplæringa gjeld det særleg reglar dersom du sluttar innan 3 mnd. Desse reglane er: 

Dersom du sluttar på studiet innan 3 månader etter studieoppstart vil VLFK fakturere deg for det subsidierte beløpet som føreligg for maskina du har kjøpt.

For dei ulike modellane vi tilbyr gjeld fylgjande subsidiesatsar som vil verte fakturert ved avbrote studiar innan fristen:

  • Dell Latitude 3310: 2.305,-
  • Dell Latitude 3510: 1.250,-
  • Apple MacBook Air 13: 1.250,-

 

Vi gler oss til å møte deg – og vil med dette ønskje deg velkommen til eit nytt skuleår basert på læring, inspirasjon og trivsel.