Flora vidaregåande skule
flora vid skule

Velkommen til skulestart måndag 16/08/21

  

Gratulerer med tilbod om skuleplass ved Flora Vidaregåande Skul

Første skuledag vert måndag 16/08/21.  

VG1-elevane med føresette møter til samtale med kontaktlæraren etter avtalt tidspunkt. Kontaktlærar tek kontakt i veka før skulestart.  

VG2-elevane møter kl. 0845 (Unntak: 2BUA- Barn- og ungdomsfagarbeidar, 2HEA- Helsefagarbeidar og 2PINA-Industriteknologi som møter kl.1030) 

VG3-elevane møter kl. 0845.

Det er viktig at du møter der du er tatt opp som elev, slik at du ikkje mister skuleplassen din. Dersom elevar ikkje møter på skulen første dag må dei ta kontakt med skulen snarast råd. Ein stadfestar at ein tek imot plassen ved å møte opp. 

 

Smittevern:  

Skulen er på grønt nivå. Det betyr:  

Grønt nivå 

Ingen sjuke skal møte på skolen 

God hygiene 

Unngå fysisk kontakt mellom personar (håndhilsning og klemming) 

Vanleg organisering av skoleklassar og skolekvardag 

(udir.no) 

 

Nærare informasjon om smittevern vert gjeve første skuledag. 

 

 

Når skal elever og ansatte ikke møte på skolen? (henta frå udir.no) 

Det er viktig at elever, foresatte og ansatte får tydelig beskjed og forstår grunnen til at elever med symptomer ikke skal møte på skolen. 

Elever og ansatte med luftveissymptomer: 

Elever og ansatte skal selv med milde luftveissymptomer og sykdomsfølelse ikke møte på skolen. De skal holde seg hjemme til de er symptomfrie.  

Elever eller ansatte som har bekreftet covid-19: 

Skal være i isolasjon. Det er helsetjenesten som beslutter hvem som skal være i isolasjon og hvor lenge, etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (se www.fhi.no). Retningslinjer til forskrift som regulerer isolasjon er gitt av Helsedirektoratet. 

Elever eller ansatte som er nærkontakter/husstandsmedlem til en person med bekreftet covid-19: 

Det er helsetjenesten som beslutter hvem som skal være i karantene og hvor lenge, etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (se www.fhi.no). Retningslinjer til forskriften som regulerer karantene er gitt av Helsedirektoratet. 

 

Elevar som ikkje kan møte på skulen grunna luftvegsymptom, påvist sjukdom eller karantene skal følge opp skulearbeidet ved å følgje periodeplanane for faga. 

 

 

Info om elevopptaket 

Skulane har ansvaret for inntaket frå 6. august. Skulen har få ledige plassar, og det kan bli nokre endringar i starten. Ta direkte kontakt på telefon (+47) 57 63 76 00. Elevar med ungdomsrett er prioriterte. 


Lånekassen 

Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke. 

Les meir på Lånekassen sine nettsider om støtte til vidaregåande opplæring


Skuleskyss 

Dersom avstanden mellom heim/hybel og skule er 6 km eller meir har du rett på skuleskyss.  

Korta til alle elevane som hadde skyss vart deaktiverte ved skuleslutt i juni. Alle som skal ha skuleskyss må difor søkje på nytt, MEN dei skal bruke same skuleskysskortet alle åra dei går på vidaregåande. Korta vert opna opp att etter kvart som vi handsamar søknaden. 

Elevar som har rett på skuleskyss, får gratis skyss til og frå skulen.  

Reglane for skuleskyss er regulerte i opplæringslova, som mellom anna slår fast kor langt det må vere mellom heim og skule for at eleven skal ha rett på gratis skuleskyss. 

På Kringom.no finn du alt du treng å vite om skuleskyss for området Sogn og Fjordane i Vestland. 

Skuleskyssinformasjon finn du på kringom.no/ eller på skuleskyss.vlfk.no 
  

Skulebøker, utstyr og bokskap 

Dei lærebøkene du får låne tilhøyrer Flora vgs og er ein del av utlånsordninga for gratis læremiddel. Lånetida er eitt skuleår og du som elev må signere ein elektronisk låneavtale på forehand. Her finn du dine plikter og ditt ansvar.  

Link til låneavtale er klar til bruk 12.08.21: 

https://skjema.vlfk.no/opplaering/elev/lanekontrakt_elev 

Boklistene finn du i Teams. Det blir satt opp eigen plan for bokutlevering første skuleveka. 

Bokskap kan du få leige for 100 kr (kontant). Det er miljøkoordinator og bibliotekar som har ansvar for utleigeordninga, og klassane får tidspunkt for tildeling av skap. Husk å ha med 100 kr om du ynskjer skap.  



Det er også krav om ein del utstyr før oppstart, spesielt på yrkesfaga.
Oversikt her; byggfag vg1   ,  byggteknisk vg2    og  industriteknologi vg2    og klima, energi- og miljøteknikk vg2    og  Utstyrsliste for VG1 elektro 2021.docx  

 


Bytte av programområde og klasse 

Dersom du ønskjer å bytte frå eit programområde til eit anna må dette meldast skriftleg og leverast personleg til rådgjevarane eller avdelingsleiarane så snart som mogleg.  Mange klassar er fulle, men du kan vere heldig dersom du er tidleg ute. Der det er fleire som ønskjer bytte er det førstemann til mølla. 

Det er rektor som avgjer klasseinndelinga, og elevane kan ikkje bestemme kva klasse dei vil gå i, eller krevje å byte klasse. Bytte av klasse kan ein gjere første veka. 

 
Informasjon i Teams og på nett 

Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og instruksar til Teams. Elevkommunikasjon mellom leiing, lærar og elev vil skje der. Der vil du og finne fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Teams, og som elev er du ansvarleg for å halde deg fagleg (og dagleg) oppdatert på oppgåver, lekser og beskjedar som vert gitt.
  

Rådgjevingstenesta 

Rådgjevarane på skulen er der for å hjelpe deg både til å gjere gode val med tanke på val av yrke og utdanning. Vi er der også dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa. På skulen si nettside vil du finne nyttig informasjon som gjeld deg og di framtid samt kontaktinformasjon til dei to rådgjevarane. Du finn også informasjon om val av språk og matematikk samt mange gode lenker om yrke, utdanning og karriere. Meir informasjon og kontaktinfo finn du på skulens heimeside. 

 Elev-pc 

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin. Du kan bestille frå 6. juli. 

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/ 

 

Vi gler oss til å møte deg – og vil med dette ønskje deg velkommen til eit nytt skuleår basert på læring, inspirasjon og trivsel.  

 

 

 

Mvh

 

Knut Chr. Clausen

rektor Flora vgs.

mob. 41 53 06 84