Flora vgs sitt kantinebygg sett utanfrå frå sør mot nord, elevar sitt utanfor

Foto: Flora vgs

Velkommen tilbake alle sammen! Vanleg timeplan frå tysdag 02 juni

Velkommen tilbake alle sammen! Frå og med tysdag 2. juni vert det undervisning etter vanleg timeplan på skulen slik planen var før nedstenginga 12. mars. KRØV og praktiske Idrettsfag må gjennomførast utan bruk av garderobe og dusj. Kvar lærar må informere sine grupper om dette. Smittvern og hygienetiltak vert som før, men unntak for at elevar kan vere i klasserom utan 1-meters avstand. Kapasitet til skuleskyss er ikkje avtalt enno. Ein oppmodar elevar som kan reise privat om gjøre dette. Det vert lagt ut ny informasjon om skuleskyss så snart dette ligg føre. For elevar som då eventuelt ikkje får plass på skuleskyss, må dei følgje opplæringa over nett inntil vidare. Rektor