
stolte elevar poseser forran grindbygg
Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
På Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Flora vidaregåande skule jobbar vi med breidde innan faga og mykje praktisk arbeid. Det er ein aktiv skuledag både ute og inne.
På Vg1 bygg- og anleggsfag har vi hovudvekt på desse produksjonsfaga: tømrar, betongarbeidar, murar, røyrleggar og ventilatør. Om elevane har ønskje om å fordjupe seg innan andre av dei 22 faga ein kan gå vidare på freistar vi også å tilrettelegge for det.
Det viktigaste er å bli kjend med verktøy og å skaffe elevane den basiskompetansen, som krevst for å kunne gjere enkle jobbar. Etter kvart er målet å klargjere elevane for å komme ut i ei bedrift. I hovudsak jobbar vi på verkstaden på vg1 i faget prosjekt til fordjuping, men vi har også elevar som allereie her skaffar seg ei bedrift å få praksis i.
Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om
- Inntakskrav
- Fag- og timefordeling
- Yrke og kompetanse
på vilbli.no.