elevar frå service og samferdsle vert venn med ein hjort under innovasjonscamp på Svanøy

elevar frå service og samferdsle vert venn med ein hjort under innovasjonscamp på Svanøy

Vg1 Sal, service og reiseliv

Innan service og samferdsle får du ein smakebit på heile 8 yrke kor kommunikasjon og tillit står i høgsetet. Enten du er vektar eller seljar, jobbar med IKT eller med logistikk. Evna til å kommunisere med menneske er viktig å tileigne seg.

Flora vgs. har ein klasse med 15 elevar på vg1 sal, service og reiseliv. Første året vil du lære mykje nytt og praktisk frå faga økonomi, marknadsføring, helse- miljø og tryggleig og IKT. Allereie første året vil du få arbeidspraksis i bedrift ca ein dag i veka frå haustferien. Mykje av arbeidet du gjer i klassen vert gjort ved hjelp av IKT-verkty.

Gjennom året legg lærarane opp til fleire prosjektarbeid der du gjennomfører oppdrag for lokalt næringsliv, alt frå reklameoppdrag til marknadsundersøkingar. Det er også vanleg at ein er på bedriftsbesøk til ulike bransjar i regionen.

Kontakt

Lars Anders Nybu
studieadministrativ leiar og avdelingsleiar for økonomi, service- og IKT-fag / epedagog
Lars.anders.nybu@vlfk.no
41 53 06 04