Flora vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Vg2 Klima, energi og miljøteknikk
elevar sveisar røyr

elevar sveisar røyr

Klima, energi og miljøteknikk

Vil du bli rørleggar, ventilatør, blikkslager eller taktekkar? Vg2 Klima-, energi- og miljøteknikk er nøkkelen til desse yrka.

Dei felles programfaga skal ivareta eit godt innemiljø, gjere energisparande tiltak, tiltak mot vatn, kondensskade og hindre brann i samband med installasjonar i faga.

Dette året brukar elevane mykje tid i verkstad og ute kor alle har praksis i bedrift. I løpet av dei første månadane vel ein kva av faga ein ønskjer å fordjupe seg i. Slik kan vi knytte elevane opp mot bedrifter kor det er moglegheiter for å få fagbrev. Bruk av ulike læringsarenaer og samarbeid med det lokale næringslivet er med å legge til rette for utviklande arbeidsprosessar.

Programfaga skal legge grunnlaget for profesjonell yrkesutøving og bidra til å fremje sjølvstende, kreativitet og gode arbeidsvanar. Opplæringa skal også bidra til å utvikle evne til kommunikasjon med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arnfinn Ekerheim
Administrativ leiar og seksjonsleiar for handverk og industrifag
Arnfinn.ekerheim@sfj.n
41 53 07 88

Relaterte lenker