Vitnemål

Viktig informasjon om klage

Viktig informasjon om klage. 15.07.20 blei standpunktkarakterar i fag og orden/åtferd publisert i Skolearena. Det vert og publisert om du får IV i fag.

Om du KLAGAR på standpunktkarakter i fag er det dette som skjer:

«Klagenemnda SKAL IKKJE TA STILLING TIL OM DU HAR FÅTT RETT KARAKTER ELLER IKKJE, men vurdere om retningslinjene vart følgde då skulen fastsette karakteren. Klagenemnda kan kome til ulike resultat:

Ikkje medhald: Klagenemnda meiner at det vedtaket om standpunktkarakter er fatta på riktig måte

Oppheve: Klagenemnda meiner at det har skjedd sakshandsamingsfeil og opphevar standpunktvedtaket som skulen har fatta. Klagen blir sendt tilbake til skulen din som fattar nytt vedtak om standpunktkarakter.» (Vestland fylkeskommune)

 

Du kan og KLAGE på det å ha fått IV (ikkje vurdering) i et fag med standpunktvurdering, og du kan klage på vedtak om nedsett karakter i standpunkt i orden eller åtferd.

 

Klagefrist:

  • Hurtigklage for å rekke Samordna opptak for elevar på VG3 er 21.07.20.
  • For alle andre er fristen 10 kalendardagar frå 15.07.20.
  • Før du klagar kan du be om grunngiving. Dette utsett klagefristen.

For klageskjema og meir informasjon sjå https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/klage-pa-standpunktkarakter-og-karakter-i-orden-og-atferd/