elevar frå yrkesskulen Flora vgs har støtta i Malawi sidan 2011

Foto: Trygve Mongstad

Vil du leie eit solcelleselskap i Malawi?

Frå febuar 2017 har vi ledig eit 12 mnd engasjement som leiar av solcelleselskapet Kumudzi Kuwale.
 

Bakgrunn

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Gjennom Fredskorpset får vi finansiert to rådgjevarstillingar som skal støtte med sin kompetanse i utviklinga. Måla våre er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre ved å betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota. Vi er på god veg, men det er nok av utfordringar å jobbe med. Frå medio februar 2017 treng vi ein driftige person som kan ta ta over jobben som leiar av NYOs datterselskap Kumudzi Kuwale Ltd.

Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, verdas 8. største innsjø. I kommunesenteret kor kandidatane vil disponere hus med hage er det ca. 35,000 innbyggarar, ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til trivelege lodgar med flotte strender.

Vi treng ein leiar som kan vidareutvikle datterselskapet Kumudzi Kuwale («landsbylys») som driv med sal, installasjon og service av solenergiløysingar på landsbygda i Malawi. Kumudzi Kuwale vart starta opp i 2013 og har kring 20 tilsette. Vi treng ein person som er interessert i å utvikle dette spanande sosiale føretaket vidare. Sjekk også heimesida og facebooksida til Kumudzi Kuwale.

Arbeidsoppgåver, leiar for Kumudzi Kuwale Ltd:

  • Drive fram utviklinga av selskapet Kumudzi Kuwale.
  • Tilsetting, rettleiing, og opplæring av personell.
  • Utviklingsarbeid innan teknologi og distribusjon av «off-grid» løysingar for solenergi.
  • Etablere og vidareutvikle samarbeid med partnarar og donorar.
  • Samarbeid med styret, rapport- og søknadsskriving.
  • Sikre økonomisk bærekraft i forretningsmodellane.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn.  

  • Resultatorientert med handlekraft

  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.

  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.

  • Relevant utdanning og erfaring knytt til eit eller fleire av fagfelta entreprenørskap/forretningsutvikling, leiing, prosjektleiing, ingeniørarbeid.

  • Kunnskap eller erfaring frå økonomistyring.

  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.

  • God engelsk munnleg og skriftleg.

  • Alder 22-35 år, jrf. Fredskorpsets retningslinjer.


    Praktisk:

  • Kontrakt på 5 mnd. Moglegheit for forlenging i ytterlegare 12 månadar med atterhald om godkjenning av Fredskorpset.

  • Løn etter Fredskorpsets satsar.

  • Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Malawi.

  • Atterhald om finansiering frå Fredskorpset.

  • Meir informasjon får du hos Øystein Garfors, tlf. 415 30 603.

  • Send søknad og CV på engelsk snarast og innan 1. September til oystein.garfors@sfj.no

  • NB! Søknadar vert gjennomgått fortløpande, og vi vil  oss rett til å tilsetje før fristen.