Flora vidaregåande skule
DSC_0019

Vil gje elevane smaken på yrkesfag

Førre veke hadde Flora VGS besøk av  «Byggopp»  - eit rekrutteringsprosjekt for bygg- og anleggsbransjen, der lokale bedrifter blir inkludert. Prosjektet skal bidra til å heve statusen til yrkesfaget. 

Skular i Sogn og Fjordane og Hordaland er ein del av prosjektet og Arne Skålevik, konsulent og prosjektleiar for småhus i Byggopp, seier at målet med prosjektet å skape interesse blant elevane innanfor yrkesretninga bygg- og anlegg:

- Har ein eller fleire elevar fått smaken på yrkesretninga, då har prosjektet vore vellukka, seier Skålevik og legg til:

- Medlemsbedriftene treng sårt arbeidskraft og denne næringa er ein sikker veg for jobbmogelegheiter. I tillegg til rekruttering ønsker vi også at elevane får eit innblikk i næringa og får relatert teori opp mot det praktiske. 

- Prosjektet bidrag til læring 

9. klassingane frå Flora ungdomsskule er ein av dei heldige klassane som har fått ta del i prosjektet. Elevane frå ungdomsskulen har hatt to praktiske dagar ved Flora VGS, og har fått hjelp av skulen sine elevar frå VG1 bygg- og anleggsteknikk. Ein av dei var Adrian Lillenes, og han seier at det er viktig å inspirere elevane i tidleg alder til å velje yrkesfag:

- Det eg ser her er unge elevar som er motiverte til å lære. I tillegg bidreg prosjektet til læring for oss som hjelper til. Her får alle lære korleis ein set opp eit hus, fortel Adrian. 

9. klassingen Emma Solheim Kvammen (15) er ein av fleire positive og engasjerte elevar som har kasta seg over arbeidet med å bygge hus i miniatyr. Ho legg vekt på at prosjektet er kjekt og lærerikt, og at det kan vere med på å inspirere til yrkesval: 

- Det er fint å sjå kva mogelegheiter ein har, seier ho.

Til tross for at ho ikkje er blitt freista til å velje yrkesretninga bygg- og anlegg, så syns ho likevel det er kjekt å sjå korleis ein jobbar innanfor yrkesretninga. I tillegg set ho stor pris på at elevane får moglegheita til å variere den vanlege skuledagen med noko praktisk.

Bitt av basillen 

Ola Morten Dagsland (15 år) har blitt bitt av basillen:

- Eg har blitt veldig inspirert av dette og ønsker no å begynne på yrkesretninga bygg- og anlegg, seier han.

Prosjektet har gitt han eit innblikk i kva studieretninga og yrket går ut på og der praksis har stått i fokus. Han legg vekt på at det er kjekt å vere med på å bygge husmodellar og i tillegg få eit innblikk i kvardagen på Flora vgs.

 

Bitt av basillen