elevar frå yrkesskulen Flora vgs har støtta i Malawi sidan 2011

Foto: Trygve Mongstad

Building skills for jobs

Målet med dette programmet som er støtta av DIKU er å gi folk relevant utdanning (skills) for å auke sjansen for å komme seg i jobb.

Via partneren vår Nkhotakota Youth Organisation har vi mål om å gi 450 ungdom i Malawi yrkesutdanning av god kvalitet i perioden frå 2017-2021. Vidare skal vi sørge for at minst halvparten har komme i jobb innan 1 år etter dei er ferdige med utdanninga.

I oppstarten har dette gitt betre utstyr og betre lokaler for yrkesskulen i Malawi. Vidare har støtta frå diku gitt bidrag til ei kontinuerleg kvalitetsauking av heile utdanninga. Yrkesskulen og alle dei fem linjene er godkjent av TEVETA Malawi (som også føl opp krava), vi føl nasjonale eksamenskrav og vi satsar hardtd på å opprette eit system kor bedrifter tek elevane inn som lærlingar.

Programmet er gjensidig avhengig av at vi jobbar godt med ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi og Norec-samarbeidet.