Hopp til hovedinnhold

Ekskursjonsreglement

Ekskursjonar som vert gjennomførte i regi av Flora vidaregåande skule, skal vere faglege studiereiser arrangert av lærarar. Difor gjeld skulen sitt reglement under heile ekskursjonen, også på kvelds- og nattestid. Medfølgjande lærar(ar) skal heile tida vite kvar den einskilde elever er, også i tida etter at det offisielle programmet er slutt for dagen.

Desse reglane gjeld :

1. Det er absolutt forbod mot alkohol og andre rusmiddel under heile ekskursjonen.

2. Etter avtale med lærar kan elevgrupper oppsøkje stader dei er interesserte i etter at dagens program er over. Elevane skal då vere minst tre saman. Ingen skal gå åleine.

3. Alle skal vere tilbake på overnattingsstad seinast ved midnatt, dersom ikkje anna er avtalt på førehand.

4. Alle skal møte presis og delta aktivt i alle delar av ekskursjonsprogrammet.

5. Brot på reglementet skal meldast til rektor straks ekskursjonen er over. 

6. Brot på ekskursjonsreglementet kan åleine føre til at eleven får nedsett karakter i orden og/eller åtferd.


Ved å reise på ekskursjonar i regi av skulen godtek du at du er 
- kjend med ekskursjonsreglementet for Flora vidaregåande skule.

- er innforstått med at brot på reglementet kan føre til nedsett karakter i orden og/eller åtferd, og i verste fall bortvising frå skulen.