Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Elevar på Barn- og ungdomsarbeidarfags

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag...

Fordi på helse- og oppvekst får du engasjerte og oppdaterte lærare som ynskjer at du skal mestre og lykkast på skulen. Det er kreativ og variert undervisning og arbeidsmetodar.  

Dette er fag der du jobbar og kommuniserer med menneske. Helse- og oppvekst har eit stort antall søkerar og utdannar folk som fyller ei viktig rolle i samfunnet. Flora vgs har to vg1-klassar på helse- og oppvekstfag med 15 elevar i kvar klasse. Du startar med arbeidspraksis allereie på grunnkurs slik at du får eit best mogleg grunnlag for å finne ut kva hovudområde du ønskjer å ta fagbrev innan.

På vg2 kan du velje mellom helsefagarbeidar og barn- og ungdom, også her er det 15 elevar pr klassen. Du får mykje praksisarbeid og tid i utplassering. Ønsker du å bli sjukepleiar, kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. 

Flora vgs tilbyr

Vg1 Helse og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag utdannar deg til å jobbe med menneske. 

På vg1 lærer du korleis du skal gi omsorg og støtte til menneske som treng hjelp. I tillegg vil du få grunnleggande teoretiske kunnskapar om kroppen si oppbygging og funksjonar, sosialfag, førebyggande helsearbeid, kostlære, hygiene og førstehjelp.

Helse- og oppvekst deler lokale i ei eiga avdeling med stue, kjøkken og andre fagretta rom. I løpet av dette året får elevane prøvd seg i arbeidspraksis slik at dei skal bli tryggare på kva retning ein bør velje vidare.

 

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Som barne- og ungdomsarbeider vil du planlegge, tilrettelegge og gjennomføre ulike pedagogiske tilbod for barn og ungdom for å stimulere til vekst og utvikling.

Utdanning til fagarbeider er eit yrkesfagleg løp i vidaregående opplæring. Vg2 linja i Florø freistar å gjere deg klar til ein jobb i skule eller barnehage. Du lærer teori om kommunikasjon, samspel og om korleis ein skal te seg i yrket. Du får også ta del i mykje praktiske oppgåver i tillegg til å få testa dei ut i arbeidspraksis gjennom skuleåret.

Hvis du tek faga du manglar for å få generell studiekompetanse, er det mange moglegheiter på høgskolenivå, dersom du vil jobbe med barn og ungdom. Eksempel er barnehagelærar, vernepleiar, lærar, fritidsleiar og barnevernspedagog. Ulike fagskuletilbod gjev også moglegheit for å få meir kunnskap om barne- og ungdomsarbeid.

Vg2 Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar gjev du praktisk hjelp til menneske i alle aldrar for eksempel med personleg hygiene, innkjøp og bruk av tekniske hjelpemiddel.

Som helsefagarbeidar jobbar du med menneske i alle aldrar og i ulike livssituasjonar. Det kan vere barn, vaksne og eldre menneske med ulike funksjonshemmingar, sjukdommar, eller med behov for rehabilitering.

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregående opplæring. Ved å gå vg2 helsearbeidarfag ved Flora vgs. og deretter to år i lære vil du få autorisasjon frå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell. Dette er ei utdanning det er behov for både i dag og i framtida.  

Som helsefagarbeidar kan du også ta videreutdanning innanfor mange ulike retningar på fagskule. Andre tek pågbygging til generell studiekompetanse og til dømes sjukepleiarutdanning på høgskule. Vg2 på skule tek føre seg ein god del teori, men elevane er i løpet av året i praksis i fleire ulike institusjonar.

Skulen har dei siste åra hatt 4-6 elevar på arbeidsutveksling til England.

Godjkjent lærebedrift

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend.  Les om å være lærling på utdanning.no

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule eller universitet. Les meir om påbygg på vilbli.no