Hopp til hovedinnhold

Kinn Psykisk helse og rus

Annika eller Siri kontaktast på tlf eller sms for å lage ein avtale. Dei møter på skulen ved avtale og behov, på kontor L

Kontakt: 

Siri Torvanger Hov, tlf: 90415919 Epost: siri.torvanger.hov@kinn.kommune.no                  Annika Bremnes, tlf: 95710068 Epost:annika.bremnes@kinn.kommune.no 

Kinn Psykisk helse og rus har avdeling i Måløy og Florø. Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle deler av befolkninga. Kinn psykisk helse og rus tilbyr helsehjelp til unge, vaksne og pårørande. Dersom du har utfordringar med din psykiske helse eller rus, kjenner deg deprimert, har angstplager eller har opplevd noko traumatisk, kan du få hjelp gjennom kommunen si psykiske helseteneste. 

Kva kan tenesta hjelpe deg med?

  • Førebyggande arbeid for å motverke utvikling av vanskar med psykisk helse og rus
  • Samtalar
  • LAR-behandling og aktivitetstilbod
  • Behandling av milde og moderate psykiske lidingar
  • Råd og rettleiing
  • Miljøterapi
  • Lågterskel gruppe - og aktivitetstilbod
  • Koordinering av tiltak og arbeid med individuell plan
  • Hjelp og støtte til pårørande; både born og vaksne

Samarbeid med eit vidt spekter av tenester i og utanfor kommunen, som t.d. fastlege, kommunal helseteneste, barnevern, NAV, spesialisthelsetenesta med fleire

Kva kan du forvente deg av tenesta?

Tenesta er gratis og vi tek raskt kontakt med deg dersom du har uttrykt at du ynskjer hjelp. Saman med deg kartlegg vi kva du ynskjer fokus på i oppfølginga og lagar ein plan for korleis nå måla dine.

Dette forventar tenesta av deg

Det er ditt behov og ynskje for hjelp som ligg til grunn for den tenesta du tek imot.