Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Elevar i praktisk arbeid i byggfag

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg og anleggsteknikk...  

Fordi godt handtverk alltid lønner seg. Vi treng difor praktiske og kreative ungdommar som vil ta del i å bygge landet vidare.
Byggenæringa har eit stort behov for faglært kompetanse og det er mange vegar for dei som ønskjer å gå vidare.
Det er 33 fag som rekrutterer frå VG 1 Bygg- og anleggsteknikk.
Flora vgs. har to klassar på vg1 bygg- og anleggsteknikk, ein klasse på vg2 tømrar og ein klasse på vg2 røyrleggjar/klima, energi og miljøteknikk, alle med 12 elevar i kvar klasse. 

Les bl.a. andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling på Les meir om alle byggfaga på vilbli.no

Flora vgs tilbyr

Første skuleåret (vg1)

 

Bygg- og anleggsteknikk

På vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Flora vidaregåande skule jobbar vi med breidde innan faga og mykje praktisk arbeid. Det er ein aktiv skuledag både ute og inne. Det viktigaste er å bli kjend med verktøy og å skaffe deg den basiskompetansen, som krevst for å kunne gjere enkle jobbar.

Etter kvart er målet at du skal prøve deg i ei bedrift. I hovudsak jobbar vi på verkstaden på vg1 i faget prosjekt til fordjuping, men vi har også elevar som allereie her skaffar seg ei bedrift å få praksis i.Vi har hovudvekt på produksjonsfaga tømrar, betongarbeidar, murar, røyrleggar og ventilatør. Om du har ønskje om å fordjupe seg innan andre av dei 22 faga ein kan gå vidare på, freistar vi også å tilrettelegge for det.

Last ned utstyrsliste for VG1

 

 

Andre skuleåret (vg2)

 

Hos oss kan du velje mellom tre programområde på vg2

Tømrar

Har du lyst på eit fagbrev som tømrar? På vg2 tømrer fordjupar du deg og gjer større oppdrag i verkstad og du får arbeidspraksis i ei eller fleire bedrifter utanfor skulen.

På vilbli.no vert fagområdet presentert slik: Vg2 tømrer handler om å utvikle kompetanse i å bygge nye bygninger og bygge om eksisterende bygninger. Programfagene skal gjøre elevene i stand til å bygge trekonstruksjoner og konstruksjoner i sammensatte materialer, stål og lettmetall. Programfagene handler også om å forstå bygningsfysikk og fuktmekanikk i bygninger og konstruksjoner. Programfagene bidrar til samfunnet gjennom å utvikle elevenes kompetanse til å bygge og rehabilitere bygg som gir varige og miljø- og energieffektive konstruksjoner, tar vare på kulturarven og sikrer estetisk uttrykk. Programfagene skal bidra til å dekke arbeidslivets behov for effektive arbeidsplasser som tar ansvar for egen og andres sikkerhet.

Røyrleggar

Har du lyst på eit fagbrev som røyrleggjar? På vg2 røyrleggjar fordjupar du deg og gjer større oppdrag i verkstad og du får arbeidspraksis i ei eller fleire bedrifter utanfor skulen.

På vilbli.no vert fagområdet presentert slik: Vg2 røyrleggjar handlar om å utvikle kompetanse til å installere røyrleidningar med tilhøyrande komponentar og utstyr i nye og eksisterande bygg. Programfaga skal gjere elevane i stand til å halde ved like, modernisere og bevare røyrtekniske anlegg. Programfaga bidreg til samfunnet gjennom å utvikle elevenes kompetanse til å installere berekraftig røyrsystem for vatn, varme og avløp som er energisparande, fremjar vasskadesikkerheit og bevarer det estetiske uttrykket.

Godkjent lærebedrift

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule eller universitet. Les meir om påbygg: Les meir om påbygg på vilbli.no