Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

Elevar på elektrofag

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje elektro og datateknologi

Ute etter spenning? Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Velger du elektrofag kan du tre inn i ein spennande verden som opner ein strøm av moglegheter. Du må ha evnen til å arbeide nøyaktig, systematisk og trygt. 

Flora vgs. har to klassar på Vg1 elektro med 12 elevar i kvar klasse, og to klassar på Vg2 innan elenergi. Skulen har erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. Dette gjer elevane godt førebudde til å møte næringslivet, og ein får store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.Elektrofag gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval. Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for elektrofagfolk for eksempel i strømforsyning, bustadar, industri, fly, skip, tog, kjøretøy, osv.

Les meir om elektrofaga på vilbli.no

Flora vgs tilbyr

 

Første skuleåret (vg1)

Elektro- og datateknologi

På denne linja får du ei innføring i elektriske og elektroniske anlegg, samt data- og IKT-system.Samfunnet i dag er avhengig av ei rekke elektriske system som må fungere. Systema som leverer elektrisk energi og system for styring og kommunikasjon blir brukt både i heim og på arbeid. Desse vil du lære om på vg1 elektrofag på Flora vgs. Første året jobbar vi mykje i verkstad for å lære om prinsippa om elektrisitet og for å lære oss å kople trygt, før elevane skal ut og ha praksis i bedrift i vg2.

Dei fleste elevane vel elektrikarfaget. Det er også gode moglegheiter som energimontør, automatikar, flyfag og fleire andre mindre fagområde.

Les bl.a. andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling meir på vilbli.no

Elevane kjøper utstyr samla gjennom skulen.

Andre skuleåret (vg2)

Elenergi og ekom

Målet med denne linja er å få eit fagbrev innan elektrofag, sterkstrøm, høyspent og svakstrøm. 

Opplæringa i Elenergi og ekom skal medverke til å at samfunnet får dekt behovet for kompetanse innan elkraftproduksjon og distribusjon, sjøfart, oljeproduksjon og industriverksemd, jernbane, helsevesen, næringsverksemd og bustadar. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet, og skulen har minimum to periodar kor elevane er ute i ei eller fleire bedrifter. Som elev får du eit godt grunnlag til å skaffe seg læreplass.

Elevane kjøper utstyr samla gjennom skulen
Godkjent lærebedrift

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Les meir om det å være lærling: Les meir om å være lærling på utdanning.no

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på. Les meir om påbygg på vilbli.no