Hopp til hovedinnhold

Handlingsplan §12

Ved mistanke om at ein elev ikkje opplever eit trygt og godt skulemiljø

Handlingsplan ved mistanke om at ein elev ikkje opplever eit trygt og godt skulemiljø. Oppl.l §12

Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helse, miljø og tryggleik for elevane. Skulen skal ikkje godtakrenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskrimminering og trakassering jf. oppl.l. §12-3

Mål: Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø på skulen, på veg til skulen og innanfor alle aktivitetar i regi av skulen.

Det er eleven si subjektive oppleving av læringsmiljøet som er kriteriet. Handlingsplikta inntrer såleis når ein som jobbar i skulen observerer eller har ei kjensle av at ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og god.

Elevar som:

  • opplever at ein sjølv ikkje har eit trygt og godt skulemiljø
  • observerer at andre elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø kan melde dette til:
  • Kontaktlærar, rådgivar, ein i leiinga, rektor, eller ein anna tilsett som du stolar på.

 

Alle meldingar skal til slutt kome til rektor, og eleven vert innkalla til samtale og teken med på råd om korleis ein skal arbeide for at skulemiljøet skal verte trygt og godt.

Hugs og at etter §12-6 har elevar/føresette høve til å varsle/klage direkte på elevane sitt skulemiljø til Fylkesmannen, etter at saka er tatt opp med rektor.

For å sikre alle elevane eit trygt og godt skulemiljø skal skulen følgje med på korleis elevane har det og om mogeleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev. Skulen skal undersøke saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta, i den forma og det omfanget som er nødvendig. 

 

Opplæringslova §12-5: Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeidar på skulen, krenkjer ein elev.                                                                                                                                  Dersom den som krenker ein elev er ein tilsett har de skjerpa aktivitetsplikt. Rektor skal varsle skuleeigar. Undersøkingar og tiltak skal setjast i verk straks.