Hopp til hovedinnhold

Idrettsfag

Elevar på Idrettsfag

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Kvifor velje idrettsfag...

 

Fordi du får ein aktiv kvardag med mykje fysisk aktivitet kombinert med fellesfag og idrettsfaglege teorifag. Idrettsfag er eit treårig skuletilbod som gjev deg generell studiekompetanse slik at du kan studere på høgskule eller universitet. 

Er du interessert i idrett, eller ønskjer å skaffe deg god kunnskap om anatomi, helse eller leiarerfaring, er idrettslinja midt i blinken for deg.

Les andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling på vilbli.no

Flora vgs tilbyr

Første skuleåret (vg1)

 

Idrettsfag

 Idrettslinja kan du gå om du er toppidrettsutøvar og ønskjer nå langt i idretten din, men også om du berre likar å trene og å vere aktiv. Ved å gå på idrettsfag oppnår du studiekompetanse og kan etterpå ta høgare utdanning. På Flora vgs. vil du vere ein av 25 elevar på vg1. Dei ulike trinna har mykje idrett ilag, så du vil vere saman med 75 andre idrettsglade elevar. Ein treng ikkje vere toppidrettsutøvar for å gå på idrettsfag, men du må like å vere aktiv.

Det er eit bra miljø for spesielt fotball, handball og friidrett i Florø, men vi legg til rette for at elevar kan spesialisere seg i mange andre idrettar. Skulen er vegg i vegg med Flora Idrettssenter som har svært gode fasilitetar for trening og idrett. Det er vidare få steinkast bort til svømmehallen Havhesten.

Som elev på idrett får du turar i nærområdet, både dagsturar og overnattingsturar.

Andre og tredje skuleåra (vg2/vg3)

 

Idrettsfag

Idrettsfag på vg2 og vg3 består av ein klasse pr trinn med 25 elevar i kvar. Det er mykje praksis og praktiske øvelsar, i tillegg til teori. Idrettsfag gir deg kunnskap, erfaring og innsikt slik at du kan tilpasse idrett og friluftsopplegg for menneske med ulike føresetnader.

Programfag på idrett er aktivitetslære, treningslære, idrett og samfunn og treningsleiing.

På vg2 reiser klassa til Spania på treningsleir. I ei veke får du vere med på fleire aktivitetar og treningsøkter pr. dag, mellom anna sykling, body jam, gokart, fjelltur, ballspel, zumba og treningsleiing.  

 

Vegen vidare

Idrettsfagslinja har sett elevar bli politi, sjukepleiarar, fysioterapeutar, advokatar og lærarar for å nemne nokon. Linja gjev generell studiekompetanse og såleis innpass på over 100-vis av ulike utdanningar vidare.

Samordna opptak, søknadsfrist 01 mars

Søk opptak til utdanning i Norge - Samordna opptak