Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Elev i praksis

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring (gjeld frå 1. august 2024). Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

 Her er fagtilbodet for skuleåret 2024/25. Søk innan 1. april

Helse- og oppvekstfag vg1, med 1 gruppe på inntil 15 elevar, som fører fram til sluttkompetansen Helsearbeidarfag. Dette er ei modulstrukturert opplæring, der ein betre varetek den vaksnes behov, utgangspunkt og livssituasjon. Det jobbast med å leggje mykje av opplæringa ute i institusjonar.

Helsearbeidarfag, vg2, 1 gruppe på 15 elevar. Opplæringstilbodet fører fram til sluttkompetanse som helsefagarbeidar.

Teknologi og industrifag, vg2, 1 gruppe med 12 elevar. Opplæringstilbodet byggjer på Teknologi og industrifag.

Vestland fylke gir tilbod om gratis vidaregåande opplæring for vaksne. Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Du kan også få realkompetansevurdering og studierettleiing hos oss. Alle tenester er gratis for deg med vaksenrett Vidaregåande utdanning for vaksne - Vestland fylkeskommune

 

Vidaregåande fagtilbod for vaksne 2024/2025 - Vestland fylkeskommune

 

vigo.no

Søknadsskjema: VIGO