Eksamensgjennomføring

eksamen_2.jpg

Lokal eksamensplan, praktiske opplysningar, tilrettelegging vert publisert i TEAMS!

Lokal eksamensplan (når det er eksamen på skulen): Denne finn du TEAMS - FLOR ALLE - når den er pulisert. 

Oversikt over sentralgitte eksamenar (skriftlege) vert publisert på UDIR no.

Generelle reglar og felles informasjon om eksamen:

Alle elevar i vidaregåande opplæring skal ha ein eller fleire obligatoriske eksamenar, avhengig av programområde og nivå.

Utdanningsdirektoratet sine reglar

Lokalt gitt eksamen:
Eksamensoversikt for lokalt gitt eksamen

Eksamensdato vert fastlagt av fylkeskommunen
Eksamensoppgåvene vert utarbeidde lokalt
Oppgåvene vert sensurert lokalt

Sentralt gitt eksamen:
Eksamensdato er fastlagt av Udir.
Eksamensoppgåvene er utarbeidde av Udir.
Oppgåvene har sentral sensur.

Eksamenskontoret
Postboks 524
6803 Førde

eksamenskontoret@vlfk.no

Eksamensdagen: Oppmøte


Eksamenskandidaten skal møte i eksamenslokalet seinast 15 minutt før eksamen startar kl. 09.00. Rektor kan pålegge kandidaten å møte tidlegare, om dette er naudsynt av praktiske grunnar.

Skulen har ansvar for å kontrollere identiteten til eksamenskandidaten. Eksamenskandidaten kan måtte vise legitimasjon (ID).

Kor lenge varer eksamen?
Lengda på eksamen er avhengig av eksamensordninga i faget. 

Rammene for eksamen på eksamensdagen skal vere:

skriftleg eksamen – inntil 5 timar
munnleg eksamen – inntil 30 minutt per elev eller privatist
munnleg-praktisk eksamen – inntil 45 minutt per elev eller privatist
praktisk eksamen – inntil 5 timar
Hjelpemiddel
Skulane skal legge til rette for og i størst mogleg grad gjennomføre IKT-basert eksamen.

Eigen PC: Eleven bruker eigen PC til IKT-basert eksamen. Skulen skal ha brukarstøtte tilgjengeleg for eleven under gjennomføring av eksamen, og stille med utlåns-PC dersom eleven sin PC sluttar å fungere.

Eksamenstilsynet, eller den rektor peikar ut, kan kontrollere at eksamenskandidaten berre har tilgang til lovlege hjelpemiddel. Vesker, mobiltelefonar og liknande skal settast på anvist stad.

Fusk, bortvising og plagiat
Elektronisk kommunikasjon
Det er ikke tillatt å opprette eigne nettverk eller nytte anna elektronisk kommunikasjon for å unngå sperrer og begrensningar som er sett opp i samband med opplæring og eksamen (jfr. IKT-reglement.)

Hindre eksamen
Eksamenskandidaten skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Om eksamenskandidaten bryt gjevne reglar eller ikkje rettar seg etter pålegg, kan kandidaten etter advarsel bli vist bort frå eksamen.

Annullert eksamen
Eksamen i eit fag kan bli annullert om ein eksamenskandidat har fuska eller prøvd å fuske ved eksamen. Dette vert avgjort av rektor. Eksamenskandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor gjer enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.

Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan eksamens-kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

For ytterlegare informasjon om gjennomføring av eksamen, sjå:
Opplæringslova Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) - Lovdata(Lovdata)
UtdanningsdirektoratetLov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) - Lovdata
Forskrift til opplæringslova (Lovdata)Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) - Lovdata
Alle eksamenskandidatar skal få informasjon frå skulen om eksamensavviklinga. Rektor gir eksamensinformasjon til alle klassane og er ansvarleg for at eksamen blir gjennomført i tråd med opplæringslova og retningslinjene gitt av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Utsett eller ny eksamen
Dokumentert fråvær
Ein elev som på grunn av dokumentert fråvær ikkje kan møte til eksamen, har rett til å gå opp til første etterfølgande eksamen. Ein eksamenskandidat som blir sjuk under gjennomføringa av eksamen, må melde frå til skulen.

Karakteren 1
Ein elev har rett til ny eksamen ved første ordinære eksamen, dersom eleven får karakteren 1 ved ordinær eksamen. Eleven må sjølv melde seg opp til ny eksamen.

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskilt eksamen i faget, dersom eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget, eller det gjeld eit fag der det ikkje blir halde ordinær eksamen.

Ved utsett eksamen i trekkfag, skal trekking av fag skje på nytt.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, ved rett til utsett eller ny eksamen, må ho eller han ta eksamen som privatist.
Eksamenskandidaten må sjølv melde seg opp til utsett, ny eller særskilt eksamen.

Eksamenskandidatar med behov for særskilt tilrettelegging på eksamen kan søke om dette.

Tilrettelegging på eksamen
§ 3-32, forskrift til opplæringslova greier ut om særskild tilrettelegging av eksamen.

Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanverket. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven og privatisten så langt råd er. Sjå meir i forskrifta på Lovdata.Forskrift til opplæringslova - Lovdata

Rektor avgjer etter søknad kva tilrettelegging som skal nyttast for elevar.