Hopp til hovedinnhold

Skulebyte

Viss du skal byte skule, må du melde frå til skulen.

Opplysingar som blir overført til ny skule utan samtykke
Skulen vil sende over eleven si mappe til ny skule. Elevmappa kan innehalde:

Permisjonssøknader
Referat frå utviklingssamtalar
Relevant korrespondanse mellom skule og elev/føresette
For elevar med spesialundervisning kan elevmappa i tillegg innehalde:

Tilvising til PPT og pedagogiske rapportar
Sakkundig vurdering frå PPT
Individuell opplæringsplan
Vedtak om spesialundervisning
Halvårsrapportar/årsrapportar
Event. annan relevant korrespondanse
Informasjon omfatta av teieplikt
I enkelte tilfelle kan elevmappa også innehalde informasjon omfatta av teieplikt som ikkje er nødvendig for den vidare opplæringa til eleven. Slik informasjon kan ikkje overførast utan ditt samtykke.

Dersom du er usikker på kva type informasjon som ligg i elevmappa, kan du be om ein gjennomgang før du ev. gjev samtykke. Dette gjer du ved å kontakte avgjevarskule og avtalar ein gjennomgang.