Hopp til hovedinnhold

Bibliotekar/Informasjonsmedarbeidar

Elevar i biblioteket

Tine Kroppan Holvik er bibliotekar og informasjonsmedarbeider, og hjelper og miljøkoorodinator Nancy med aktivitetstiltak og skulemiljøtiltak for alle elevar


Biblioteket har bøker, lydbøker, aviser, blad, filmar og spel. Biblioteket skal vere ein stad der elevar og lærarar kan finne alle typar informasjon.

Biblioteket kan hjelpe deg å finne den informasjonen du treng
Søk i bibliotekbasen til Flora vgs:Flora vidaregåande skule (mikromarc.no)

Du kan også få opplæring i kjeldekritikk og i å vurdere den informasjonen du finn.

VIKO, NTNU sine gode nettsider om oppgåveskriving: VIKO - NTNU oppgaveskriving - NTNU

Søk & Skriv, lærer deg om informasjonssøk: VIKO - NTNU oppgaveskriving - NTNU

Elevane kan sjølv finne fram i samlinga, men bibliotekaren er til stades for å gje hjelp og rettleiing i alle typar spørsmål. Bibliotekaren administrerer også inn- og utlevering av lærebøker.

Skulen har bibliotekar i heil stilling som også har skulemiljø og informasjon som fokusområde. Biblioteket kan òg skaffe bøker og artiklar frå andre bibliotek der det er naudsynt. Biblioteket er ope heile skuledagen.

Bibliotekar.jpg

Tine Holvik
Bibliotek- og informasjonsarbeider
tine.holvik@vlfk.no
Tlf: 57 63 76 77
Mobil: 97 16 88 09

Utlånsreglar
Det Nasjonale lånekortet kan nyttast til utlån, ellers er alle noverande elevar i systemet og dei kan låne ved å vise studiebesviset på mobilen.
Lånetida er 4 veker for bøker/lydbøker. 1 dag for filmar.

Digital lånekontrakt


Du leverer bøkene til bibliotekaren, eller legg dei i innleveringskassa ved biblioteket.
Oppslagsverk, aviser eller siste nummer av eit tidskrift er ikkje til heimlån. Dette skal bli brukt på skulen eller du kan ta ein kopi.
Ordensreglar
Biblioteket skal vere ein triveleg plass for alle. Derfor er det viktig at du:

Ryddar opp etter deg.
Mat og drikke høyrer ikkje heime i biblioteket.
Det skal være arbeidsro i biblioteket. 

Biblioteket er også ein stad der mange av skulens aktivitetar foregår. I storefri er det nesten dagleg konkurransar og turneringar. Dei blir markedsført på skulens sosiale medier:

Snapchat: floravgs

Instagram: floravgs_

Facebook: Flora vidaregåande skule