Hopp til hovedinnhold

Klage på opplæring

Dersom du ikkje opplever skolemiljøet som trygt og god, eller vil seie frå om mobbing og trakassering, må du varsle etter rutinane her! Men dersom det er sider ved opplæringa i faga du vil ta opp - kan du lese vidare.

Kontakt:

Knut Christian Clausen
Rektor
knut.christian.clausen@vlfk.no
tlf 41 53 06 84

Nokre gongar kan det vere slik at det kan vere noko med måten undervisninga vert organisert, eller kommunisert som elevar og føresette ønskjer å ta opp. Dette kan t.d vere tempo, arbeidsmåtar, fagstoff, vurdering og måter å lære- eller undervise på.

Det er mange forhold som påverkar læringa i klasserommet og i faga. Alt frå korleis opplæringa vert organisert til relasjonen med lærar og medelevar, og til eigen skule- og fagbakgrunn.

Du må tenkje gjennom kva det er du vil ta opp (t.d organisering, arbeidsmåtar, tempo, formidling, vanskegrad, relasjon osb), og korleis dette påverkar læringa di. Tenk og på korleis du tenkjer lærar kan gjere ting annleis både i organisering og formidling, og tenk på kva du kan gjere for best mogleg å ha nytte av oppæringa.

Dersom du opplever at det er vanskeleg å ta opp sider ved opplæringa åleine, kan det tenkast at du kan få hjelp av tillitsvalde i klassen eller kontlærar kan gi deg råd. Du kan og gå til rådgjevar, avdelingsleiar eller eller rektor. Skulen vil først snakke litt nærare med deg og kva det er som er utfordringane og finn ut korleis vi saman med faglærar kan løyse utfordringane.

Husk at det er viktig at du tek kontakt og tek opp små og store utfordringar som gjer læringa vanskeleg for deg! Det å holde det inne i seg hjelper i alle fall ikkje. Er det vanskeleg, eller flaut, å ta det opp med faglærar direkte vil gjerne kontaktlærar, rådgjevarane eller rektor hjelpe deg.

Nokre gongar er det naturleg å klage skriftleg med ein gong, andre gongar kan det vere slik at dersom du først ikkje opplever at samtalar i klassen og med faglærar hjelper kan du formulere ei skriftleg klage denne leverer du til skulen v/rektor.