Skulehelsetenesta:
Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til alle elevar ved skulen fire dagar i veka. Målsettinga med skulehelsetenesta er å fremje god helse og trivsel. Gje elevane kunnskap og støtte til å betre helse og livskvalitet samt å førebygge problem og helseskade.
Kva kan du spørje om?
Skulehelsetenesta kan gje deg råd, rettleiing eller hjelp direkte i spørsmål som har med helse å gjere. Til dømes tema som samliv og seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, abortspørsmål, kosthald, stress, psykiske problem som eteforstyrringar ogsjølsskading, vonde tankar og følelsar, rusmiddel, familieproblem, bekymring for ein venn. Helsesjukepleiaren hjelper deg og med å etablere kontakt med lege, psykolog, fysioterapeut. Vi har teieplikt og du får ikkje fråvær når du er der.
Du kan også få hjelp til:
Resept på prevensjon
Klamydiatest
Graviditetstest
Gratis kondom
Føresette og lærarar kan også ta kontakt. Vi har teieplikt, men dersom eleven samtykkjer, samarbeider vi med føresette, lærarar og rådgjevar.
Kristine Berentzen Dypevik jobbar som helsesjukepleiar på Flora vgs.
Kontaktinformasjon:
Kristine Berentzen Dypevik kristine.berentzen.dypevik@vlfk.no
Teams: Send melding og spør om møtetid på chat i Teams. Telefonnr: 911 08 174 Hugs at du ikkje må sende helseopplysningar i TEAMS eller på epost.
Kristine er tilstades: Mandag: 09-15 Tysdag: 09-15 Onsdag: 09-15 Torsdag: 09-13
Fråvær blir annonsert på Teams.
Helsestasjon for ungdom er åpen torsdager kl. 1400-1700. Adresse: Sunnfjord medisinsk senter, 1.etasje (helsestasjonen), Hans Blomgt 39. Se mer informasjon her: