Hopp til hovedinnhold

Ordensreglement

Det er vedteke felles ordensreglement for alle skulane i Vestland fylkeskommune som gjeld frå 01.08.20.

Opplæring og kompetanse
Saksframlegg
Saknr: 2020/35529-1

Saksbehandlar: Janne Damba

Forskrift om felles ordens og åtferdsreglement for Vestland fylkeskommune

§ 1 Heimel

Forskrift om felles ordens- åtferdsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune er fastsett av Hovudutval for opplæring og kompetanse med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 9 A-10.

§ 2 Formål

Ordens- og åtferdsreglementet til Vestland fylkeskommune skal vere eit grunnlag for godt samspel mellom alle i skulesamfunnet. Det skal fremje trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremje god orden, god åtferd og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring. Ordensreglementet skal bidra til å utvikle elevane sine sosiale ferdigheiter og til å bygge positive relasjonar mellom elevane og mellom elevar og tilsette. Ordensreglementet gjer det tydeleg kva for sanksjonar som kan nyttas om reglane vert brotne. jf. opplæringslova § 9 A-10 2.ledd.

§ 3 Verkeområde

Reglementet gjeld for alle som er under opplæring ved skulen, også for vaksenopplæringa sine elevar når opplæringa er i skulen sin regi.

Ordens- og åtferdsreglementet gjeld i skuletida. Det vil innebere både timer og friminutt, og alle aktivitetar i skulen sin regi til dømes som ekskursjonar. Også det som skjer i det digitale rom på skulen sitt intranett, skulens arena for sosiale media, undervisningssystem, ved SMS e.l. vert omfatta.

Når det kjem til mobbing eller andre krenkingar, vil grensene mellom skule og fritid kunne viskast ut. Dette gjeld også for mobbing eller andre krenkingar som skjer på skulevegen og/eller i det digitale rom. Sjølv om krenkingane skjer utanfor skulen sitt område og utanfor skuletida, vil desse kunne bli sanksjonert etter skulen sitt ordensreglement dersom krenkingane medfører at elevar opplever skulekvardagen uttrygg og ekskluderande.

§ 4 Elevane sine rettar

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova § 9 A-2.

Alle elevar har rett til opplæring i samsvar med opplæringslova med forskrift, fylkeskommunale vedtak og gjeldande læreplanar

Eleven har rett til å bli høyrt i sakar som omhandlar seg sjølv

Eleven har rett til å ta opp brot på desse rettane med skulen

§ 5 Elevane sine plikter

Elevane har plikt til å rette seg etter dei lover, reglement og instruksar som gjeld. Elevane skal møte skulen sine tilsette og medelevar med omsyn og respekt.

§ 6 Orden

Elevane skal ha god orden. Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er (jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 2.ledd). Om eleven ikkje har god orden kan dette gjere at eleven får nedsett ordenskarakter.

Det er mellom anna god orden å:

møte presis på skulen og til undervisninga.

ha skulesakene i orden

  • ha med nødvendige læremiddel og utstyr

  • gjere arbeid ein blir pålagt til rett tid

    § 7 Åtferd

    Elevane skal ha god åtferd. Åtferd går på all oppførsel på skulen. Grunnlaget for vurderinga av åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette (jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 3.ledd). Om eleven ikkje har god åtferd i skuletida kan dette gjere at eleven får nedsett åtferdskarakter.

    Det er mellom anna god åtferd å:

  • vise omsyn og respekt for andre

  • vise respekt for skulen og andre sine eigendelar

    Det er forbode å:

  • mobbe, trakassere eller på andre måtar krenke andre fysisk, verbalt eller digitalt

  • røyke både tobakk, elektroniske sigarettar og snuse på skulens område og ved all aktivitet i

    skulens regi

  • vere påverka av, bruke, oppbevare eller selje rusmiddel på skulens område og ved all aktivitet i

    skulens regi

  • ha med farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område

  • fuske eller forsøke å fuske på prøvar eller innleveringar

  • ikkje følgje verne- og tryggleiksreglar som læraren krev og/eller er påbodne av arbeidstilsynet.

  • bruke internett og elektronisk utstyr til å laste ned materiale i strid med norsk lov

  • spreie lyd- og bildeopptak av elevar, lærarar eller andre tilsette utan deira samtykke

    § 8 Sanksjonar

    Sanksjonar er tiltak som skal brukast mot elevar som bryt ordensreglementet, jf. opplæringslova § 9 A-10. Det er berre sanksjonane lista opp under som kan verte nytta.

  1. Straffbare forhold som skjer på skulen sitt område vil bli melde til politiet.

  2. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast jf. opplæringslova § 9 A-10 3. ledd. Nødrett og nødverje kan gjere det naudsynt for skulen sitt personale å bruke fysisk makt for å hindre at elevar skader seg sjølv eller andre, eller skadar skulen sin eigedom, jf. straffelova § 47 og § 48.

  3. Sanksjonar utan klagerett:

    1. a)  munnleg påtale frå ein tilsett ved skulen

    2. b)  merknader

    3. c)  bortvising frå ei opplæringsøkt inntil to timar etter vedtak fatta av faglærar, jf.

      opplæringslova § 9 A-11

    4. d)  Midlertidig inndraging av forbodne/farlege gjenstandar som til dømes sigarettar, snus,

      alkohol, våpen eller narkotika.

  4. Sanksjonar med klagerett. Følgjande er enkeltvedtak med klagerett og skal handsamast etter forvaltningslova:

    1. a)  Bortvising frå undervisninga for meir enn 2 klokketimar jfr. opplæringslova § 9 A-11

    2. b)  bortvising frå undervisninga i opp til fem dagar etter vedtak fatta av rektor, jf.

      opplæringslova § 9 A-11

    3. c)  bortvising for resten av skuleåret etter vedtak fatta av fylkeskommunen ved fylkesdirektør

      for opplæring, jf. opplæringslova § 9 A-11

    4. d)  vedtak om skulebyte, jf. opplæringslova § 9 A-12

    5. e)  bortvising frå eksamen etter vedtak fatta av rektor, jf. forskrift til opplæringslova § 3-36

    6. f)  annullering av eksamen etter vedtak fatta av rektor , jf. forskrift til opplæringslova § 3-37

Saknr: 2020/35529-1 Side 2 av 4

  1. Ved alvorlege brot på ordensreglementet

    1. a)  Rektor kan fatte vedtak om bortvising frå undervisninga i opp til fem dagar. Rektor kan i

      tillegg be fylkesdirektør for opplæring om å vurdere vedtak om å bortvise eleven for resten av skuleåret jf. opplæringslova § 9 A-11. Vedtaket frå fylkesdirektør for opplæring må komme seinast 5 dagar etter rektor sitt vedtak.

    2. b)  Eleven kan både bli bortvist enten for opp til fem dagar eller resten av skuleåret. I tillegg kan eleven få nedsett karakter i orden eller åtferd.

  2. Andre reaksjonar som kan nyttast i tillegg

a) Ved bevisst skadeverk på skulen sin eigedom og utstyr kan eleven, i tillegg til sanksjoner

etter reglementet her, også bli erstatningsansvarleg, jf. skadeerstatningsloven § 1-1. Elevar kan gjevast høve til å utbetre skadane sjølv, dersom dette er føremålstenleg.

§ 9 Vurdering i orden og åtferd

Når ein elev vert vurdert i orden og i åtferd skal det gjerast ei heilskapleg vurdering av eleven opp mot reglane i ordensreglementet over ein lengre tidsperiode. Eleven og foreldra eller føresette har rett på skriftleg varsel dersom det er fare for at eleven kan få nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd, jf. forskrift til opplæringslova § 3-7.

§ 10 Sakshandsaming

Skulen vil som forvaltningsorgan alltid halde seg til dei generelle sakshandsamingsreglane i forvaltningslova, i tillegg til dei som går fram av opplæringslova.

Skulen informerer som hovudregel foreldre/føresette til elevar under 18 år om hendingar og reaksjonar.

Skulen skal skriftleg gjere greie for dei sanksjonar eller tiltak dei set i verk. Skulen har ei plikt til å dokumentere kva dei gjer for å oppfylle aktivitetsplikta, jf. opplæringslova § 9 A-4.

Før det blir tatt avgjerd om tiltak ved brot på reglementet skal eleven ha moglegheit til å forklare seg for den som skal ta avgjerda. Skulen skal sørge for at saken er så godt opplyst som mogleg. Skulen skal alltid vurdere moglegheit for alternative tiltak. Eleven sitt beste skal vurderast.

§ 11 Klage

  1. Ein klage skal vere skriftleg og grunngjeven. I klagen må det gjerast greie for dei tilhøva det vert klaga over, og klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket innan klagefristen – til vanleg 3 veker etter mottak.

    1. Klage over bortvising frå undervisningsøkt på meir enn 2 timar skal sendast til rektor

    2. Klage over bortvising inntil 5 dagar skal sendast til rektor.

    3. Klage over annullering og bortvising frå eksamen skal sendast til rektor.

    4. Klage over bortvising for resten av skuleåret skal sendast direkte til fylkesdirektøren for

      opplæring.

  2. Dersom rektor held fast på bortvisingsvedtaket og ikkje tek klaga til følgje, skal rektor sende klagen

    med utgreiing og grunngjeving for dette vedtaket til fylkesdirektøren for opplæring som

    klageinstans.

  3. Dersom rektor held fast på vedtaket om annullering av eksamen eller bortvising frå eksamen, skal

    rektor sende klagen vidare til Fylkesmannen.

  4. Eleven som har klaga på enkeltvedtaket, skal få kopiar av oversendingsbrevet og av utgreiing og

    grunngjeving når klagesaka vert sendt vidare til klageinstansen.

  5. Dei ulike klageinstansane:

    1. Ved vedtak om annullering av eksamen ved fusk eller forsøk på fusk som er fatta av rektor

      sjølv, er klageinstans Fylkesmannen.

    2. Ved vedtak om bortvising frå eksamen som er fatta av rektor sjølv, er klageinstans

      Fylkesmannen.

    3. Ved vedtak om bortvising for inntil 5 dagar som er fatta av rektor, er fylkesdirektøren for

      opplæring klageinstans.

    4. Ved vedtak om bortvising for resten av skuleåret som er fatta av fylkesdirektøren for

      opplæring, er klageinstansen den fylkeskommunale klagenemnda.

Saknr: 2020/35529-1 Side 3 av 4

e. Ved vedtak om skulebyte som er fatta av fylkesdirektøren for opplæring, er klageinstans Fylkesmannen.

§ 12 Ikraftsetjing

Ordensreglementet tek til å gjelde frå 1. august 2020 og gjeld til det vert oppheva. Fylkesrådmannen har rett til å gjere mindre endringar for å halde reglementet oppdatert med gjeldande regelverk. Slike endringar skal leggast fram som meldingar til politisk handsaming i etterkant.

§ 13 Tillegg til ordens- og åtferdsreglementet

Rektor kan i samråd med råd og utval lage tilleggsregler som ikkje er dekte av ordens- og åtferdsreglementet eller andre felles reglar som alt er gjevne av departementet eller fylkeskommunen. Desse kan ikkje vere i staden for eller i strid med reglementet. Dersom brot på tilleggsreglane kan føre til sanksjonar etter ordensreglement må dette stå i tilleggsreglane. Dette kan gjelde;

  1. a)  Trivsel/skulemiljø

  2. b)  IKT- utstyr og mobiltelefonar

  3. c)  Reiser og skuleekskursjonar

  4. d)  Reglar for bruk av spesialrom som t.d. verkstader, kjøken, laboratorium

  5. e)  Internatreglar

  6. f)  Andre særskilde tilhøve

Saknr: 2020/35529-1 Side 4 av 4