Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Elevar på Teknologo- og industrifag

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi og industrifag (TIP)...  

 

Fordi du får ein teknisk grunnutdanning med mykje variert praktisk arbeid som etterspørrast i mange bransjer. Noreg er verdsleiande innan skipsfart, fiske og fleire andre industriar. Olje og gass skal vi også leve av i fleire tiår inn i framtida. Noreg treng kreative og kompetente fagarbeidarar og Flora vgs. er klare for å sette deg inn i denne spanande verda av industri og teknologi.

På vg1 har vi to klassar med 12 elevar i kvar klasse, og på vg2 har vi ein klasse med 12 elevar. Etter vg1 kan du velje å gå vidare innan nesten 60 ulike fagbrev, på Flora vgs tilbyr vi vg2 industriteknologi.

Florø er industrihovudstaden i fylket og det er derfor lokalt eit stort behov for faglært arbeidskraft. Skulen har erfarne lærarar og vi har eit tett samarbeid med næringslivet.

TIP (teknologi- og industrifag) har tre verkstader kor elevane kan skru, mekke, sveise og dreie. Skulen har erfarne lærarar og dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.

Les andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling på vilbli.no

Flora vgs tilbyr

Første skuleåret (vg1)

 

Teknologi- og industrifag

Denne studieretninga gjev deg mange moglegheiter for yrkesutdanning som m.a. prosessoperatør, laborant, bilmekanikar, industrimekanikar, sveisar og innan maritime fag og billakkerer og bilskadefaget.

Frå vg1 har du omlag 60 ulike fagbrev å velge mellom. Første året vil du lære om bruk av verktøy og maskiner og viktige prinsipp for å kunne lukkast i industrien. I faget prosjekt til fordjuping kan du få fordjupe deg i eitt eller fleire av lærefaga i verkstaden. Har du kontaktar i ei bedrift, er vi også fleksible med å la elevane få jobbe i industrien også på vg1.

Last ned utstyrsliste for VG1

Andre skuleåret (vg2)

 

Industriteknologi

Frå industriteknologi er det "berre" 30 ulike fagbrev å velge mellom. Gitt arbeidsmoglegheitane i vår region vel dei fleste å fordjupe seg i fag som industrimekanikar, industrimontør, industrirørleggar, sveisar eller kran- og løfteoperatør. På vg2 ønskjer vi at alle får arbeidspraksis i næringslivet. Flinke lærarar, nærleik og god kontakt med næringslivet gjer at mange av elevane våra ofte sikrar seg læreplass innan skuleåret er omme. 

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år eller du kan ta vidareutdanning t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. 

Flora vgs. har eit godt nettverk inn mot lokalt næringsliv. Gjer du det godt på skulen blir du sett på som attraktiv arbeidskraft for mange av desse, og kan risikere å stå med tilbod om lærekontrakt før skuleslutt på vg2. Det er ikkje berre lokale moglegheiter. Fleire av elevane våra sikrar seg lærekontrakter hos Equinor, Forsvaret eller innan sjøfart. Dersom du seinare vil ta fagskule eller ingeniørutdanning, er det ingenting som stoppar deg frå det.

Godkjent lærebedrift

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.Les meir om å være lærling på utdanning.no

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule eller universitet. Les meir om påbygg:Les meir om påbygg på vilbli.no