Det er mogeleg å leige eller låne skulen sine lokale når skulen ikkje treng dei sjølve inntil kl. 21 på kvardagar. Som skuleeigar skal Sogn og Fjordane Fylkeskommune vere ein ressurs for lokalsamfunna og for dei frivillige organisasjonane.
Skulen belastar i utgangspunktet sjølvkost for dei faktiske kostnadane, og det vil seie tilsyn og reinhald. Ved behov for overtidsbetaling f.eks. i helgar og feriar, kan satsane bli heva med 50 eller 100 %.
Vi har to auditorium som tek høvesvis 60 og 100 personar. Dei fleste klasseromma er rigga for 30 personar. Alle rom har white-board tavle, prosjektor og lydtilkopling. Mange rom har elektroniske tavler. Ta kontakt for meir info om leige.
Kontakt:
Arnfinn Ekerheim
Administrativ leiar
arnfinn.ekerheim@vlfk.no
415 30 788