Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Sjakkturnering i biblioteket

Biblioteket har bøker, lydbøker, aviser, blad, filmar og spel. Biblioteket skal vere ein stad der elevar og lærarar kan finne alle typar informasjon.

 

Biblioteket kan hjelpe deg å finne den informasjonen du treng

Søk i bibliotekbasen til Flora vgs.

Du kan også få opplæring i kjeldekritikk og i å vurdere den informasjonen du finn.

VIKO, NTNU sine gode nettsider om oppgåveskriving

Søk & Skriv, lærer deg om informasjonssøk.

Elevane kan sjølve finne fram i samlinga, men bibliotekaren er til stades for å gje hjelp og rettleiing i alle typar spørsmål. Bibliotekaren administrerer også inn- og utlevering av lærebøker. Biblioteket kan òg skaffe bøker og artiklar frå andre bibliotek der det er naudsynt. Biblioteket er ope heile skuledagen.

Bibliotekar og informasjonsmedarbeidar:

Tine Kroppan

 tine.holvik@vlfk.no

Tlf: 97168809

Tine Kroppan er bibliotekar, informasjonsmedarbeider og miljøarbeidar. Ho har skulemiljø og informasjon som fokusområde.

Utlånsreglar
Det Nasjonale lånekortet kan nyttast til utlån, ellers er alle noverande elevar i systemet og dei kan låne ved å vise studiebesviset på mobilen.
Lånetida er 4 veker for bøker/lydbøker, 1 dag for DVD og eit skuleår for skulebøker

Digital lånekontrakt

Du leverer bøkene til bibliotekaren, eller legg dei i innleveringskassa ved biblioteket.
Oppslagsverk, aviser eller siste nummer av eit tidskrift er ikkje til heimlån. Dette skal bli brukt på skulen eller du kan ta ein kopi.
Ordensreglar
Biblioteket skal vere ein triveleg plass for alle. Derfor er det viktig at du ryddar opp etter deg, viser hensyn, og at det er arbeidsro i biblioteket. 

Biblioteket er også ein stad der mange av skulens aktivitetar foregår. I storefri er det nesten dagleg konkurransar og turneringar. Dei blir markedsført på skulens sosiale medier:
Snapchat: floravgs
Instagram: floravgs_
Facebook: Flora vidaregåande skule