Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elevar på studiespesialiserande

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering...  

 

Fordi det gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Flora vgs. ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studium gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel.

Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialiserande har som regel planar om vidare utdanning.

Skulen har to parallellklassar med 25 elevar i kvar klasse. I vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). I vg2 og vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må vere innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje idrettsfag.

Saman med dei øvrige vg3 klassane, idrett- og påbygg, er du ein del av eit stort avgangskull.

Les andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling på vilbli.no 

Flora vgs tilbyr

Første skuleåret (vg1)

 

Du har 30 timar i løpet av året dette året. Dersom du vil, du søkje om å få velje breidde-/toppidrett som tilleggsfag.

Fellesfag/obligatoriske fag på vg1 er:

  • Engelsk: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Norsk: 4 timar
  • Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Naturfag: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Samfunnsfag: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Geografi: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: 4 timar, nivå1 spansk/nivå 2 spansk, fransk, tysk

Andre skuleåret (vg2)

 

Fellesfag/obligatoriske fag på vg2 er til saman 15 timar pr. veke. Resten av faga kan du velje sjølv. Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: 4 timar, nivå 1  spansk/nivå 2 spansk, fransk, tysk, standpunktkarakter på vitnemål
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk):  3 timar, standpunktkarakter på vitnemål (fell vekk dersom matematikk for realfag (R1) eller matematikk for samfunnsfag (S1) er valt). R1 og S1 matematikk: 5 timar.

Tredje skuleåret (vg3)

 

Fellesfag/obligatoriske fag på vg3 er også 15 timar, som du ser punktvis nedanfor. Resten er fag du vel / programfag.

  • Norsk: 6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål

Programfag på vg2/vg3

 

Dei faga du kan velje, kallar vi programfag. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (til saman 10 timar per veke). I tillegg kan du velje eitt fag til uavhengig av programområde (5 t/v).  Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Eksempel: Dersom ein tek 35 timar første året og 30 timar andre året, så kan ein klare seg med 25 timar på vg3. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

Programfag på studiespesialisering vg2:

Realfag

Språk, samfunnsfag og  økonomi

Idrett
Matematikk R1 Engelsk 1 Breiddeidrett
Matematikk S1  Sosiologi og sosialantropologi  Toppidrett
Biologi 1  Rettslære 1  
Kjemi 1  Økonomi og leiing  
Fysikk 1 Entreprenørskap   
Informasjonsteknologi     

 

Programfag på studiespesialisering vg3:

Realfag Språk, samfunnsfag og økonomi

Idrett

Matematikk R1

Matematikk R2

Engelsk 1

Engelsk 2
Breiddeidrett

Matematikk S1 

Matematikk S2 

Sosiologi og sosialantropologi 

Politikk og menneskerettar 
Toppidrett

Biologi 1*

Biologi 2*
Rettslære2  

Kjemi 1 

Kjemi 2 

Entreprenørskap 

Entreprenørskap 3 
 

Fysikk 1

Informasjonsteknologi 2

Informasjonsteknologi 3*

   

 

 * kontakt skulen for info om alternerande skuleår.

Samordna opptak

Vegen vidare

Når du har fullført og bestått tre års skulegang, så får du generell studiekompetanse. Då kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studium krev at du vel spesielle fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer. Med generell studiekompetanse kan du velje mellom 100-vis av ulike utdanningar. Hugs søknadsfristen 1 mars.