Oppmøte kl 08.45. Avslutning kl 14.00
Til alle 10-klassingar! Hjarteleg velkomne til hospitering ved FLora vgs.
Oppmøte på mandag kl 08.45 i fellesområdet. I fellesområdet er det plakatar med dei ulike utdanningsprogramma, elevane går dit saman med læraren som følger dei. Her blir alle elevane møtt av elevmentorar som er iført Mentor t-skjorte. Dei følger elevane til dei forskjellige utdanningsprogramma. I klasserommet vil lærarane orientere om dagane hos oss.
Elevar som skal hospitere på idrettsfag må ha med treningskle begge dagar.
På mandag får alle hospiterande elevar 1 stk God morgon-yougurt til lunsj.
Vi ser fram til å møte dykk og håpar alle får to fine dagar ilag med oss på Flora vgs!