Hopp til hovedinnhold

Gratis leige av skulelokale for aktivitetar for barn og ungdom

Auditorium 2

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om gratis leige av lokale ved Flora vidaregåande skule.

Skulen stiller inntil 20 timar i veka til disposisjon for aktivitetar der fleirtalet av deltakarane er under 20 år. Tilbodet kan omfatte aktivitetar som til dømes kor, teater, dans, musikk, kunst og andre kultur- eller fritidsaktivitetar for barn og ungdom

Ved Flora vidaregåande skule kan de søkje om å bruke følgjande lokale:

  • Auditorium (98 plassar)
  • Vestibyle
  • Klasserom

Vilkår for bruk

Lokala kan brukast kvardagar frå 16.00 til 21.00.

Opplæring i brannvernrutinar og bygningsteknisk utstyr blir utført i ordinær arbeidstid. Brukarane skal signere på at opplæringa er gjennomført og at dei er ansvarlege for eventuelle skadar som oppstår i deira brukstid.

Søknad

For å søkje nyttar de link til Søknadsskjema

Skulen avgjer fordelinga av lokala mellom søkarane.

 

Søknadsfristar:

Hausthalvåret: 1. juni

(for hausten 2025 er fristen 10. august)

Vårhalvåret: 1. november

 

Kontakt:

Ole Hartvik Tonheim Hennøy
ole.hartvik.tonheim.hennoy@vlfk.no
918 727 26