Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Elev i praksis

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Flora vidaregåande skule tilbyr modulbaserte fag- og yrkesopplæringa (MFY) for vaksne i helse- og oppvekstfag og logistikkfaget, særleg tilpassa vaksne og deira livssituasjon.
Helsearbeidarfaget - Modulstrukturert opplæring for vaksne
Som helsefagarbeidar får du ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag med tett kontakt med menneske i alle aldrar. Di viktigaste oppgåve er å gi omsorg og utføre grunnleggjande sjukepleie til personar med ulike behov, og å støtte dei i å oppleve meistring og god livskvalitet i kvardagen.
Som helsefagarbeidar har du ei sentral rolle i helsetenesta. Du kan til dømes arbeide på sjukeheim eller omsorgssenter, i heimesjukepleia, innan psykisk helsevern eller på sjukehus, og bidra til tryggleik og verdig omsorg i ulike livssituasjonar.
Logistikkfaget - Modulstrukturert opplæring for vaksne
Som fagarbeidar i logistikkfaget har du ein variert og praktisk arbeidskvardag med ansvar for vareflyt og effektiv handsaming av gods. Du tek imot, registrerer, lagrar, plukkar, pakkar og sender ut varer, og sørgjer for at alt skjer på ein trygg, nøyaktig og effektiv måte i tråd med gjeldande rutinar og regelverk.
Du nyttar digitale system i arbeidet, og har fokus på planlegging, kvalitetssikring, HMS og god ressursbruk. Gjennom innsatsen din bidreg du til at varer kjem fram til rett stad til rett tid – noko som er avgjerande for handel, industri og offentleg verksemd.
Opplæringa er nettstøtta og kombinerer digitale undervisningsøkter med nokre fysiske samlingar, slik at du får fleksibilitet til å kombinere opplæringa med arbeid og andre gjeremål i kvardagen.
Modulstrukturert opplæring for vaksne
Opplæringa er tilpassa vaksne som ønskjer fagbrev. Mange deltakarar er allereie i relevant arbeid, og arbeidsplassen kan då nyttast som ein del av praksisopplæringa. For dei som ikkje er i arbeid, blir det lagt til rette for praksis i ei relevant bedrift.
Opplæringa er organisert med om lag 80 prosent praksis i bedrift og 20 prosent opplæring på skule. Ho er modulstrukturert, og du må bestå fem modular før du kan gå opp til eksamen og deretter ta fagbrev.
Tilbodet følgjer ein vekslingsmodell der du vekslar mellom opplæring på skule og praksis i ei godkjend lærebedrift, til dømes sjukeheim, heimeteneste eller annan relevant institusjon. Opplæringa går over fem dagar i veka og kombinerer teori og praksis gjennom heile løpet.

Vidaregåande utdanning for vaksne - Vestland fylkeskommune

Slik søkjer du
Du må registrere søknaden via Vigo, sjå lenke.

 

 

vigo.no

Søknadsskjema: VIGO