Hopp til hovedinnhold

Aktivitetar

Aktivitetar 4.jpg

Skjermbilde 2022-02-16 kl. 14.24.54.png

Bildet: Musikkgruppa har konsert i fellesarealet

271718319_760741414885051_420159381012266629_n.jpg

Bildet: Lynsjakkturnering i biblioteket. Vi har nesten dagleg aktivitetar i fellesarealet eller på sosiale medier. Miljøteamet og miljøkoordinator planlegger desse og får hjelp til å gjennomføre aktivitetane av elevar som stiller i elevrådet og som mentorar i Draumeskule-prosjektet. imagexps8.png

Bildet: Skuleval. Aktivitetar vi har er turneringar i sjakk, dart, bordtennis, biljard og ulike kortspel. Vi har samlinger og middagar for hybelbuarane og open skule på kveldstid. Vi arrangerar volleyballturneringer i storhallen på vinterstid og sandvolley ute på våren. Vi har også klassekonkurransar som "Klassens meister" der klassane konkurrerer mot kvarandre i ulike Meisterens meister-øvelsar. 

Vi har saman med skulens Helsesjukepleiar ulike markeringar og foredrag med fokus på psykisk helse.

blobid0.jpg

Elevane arrangerar på våren ei Temaveke der det er ulike utkledningar kvar dag, med premiering for beste utkledning, og vi har også pysjamasdag på vinterstid.

VG3-elevane har Rosa dag, Blå dag og Gul dag der dei på ulikt vis samlar inn penger til Kreftsaka. Desse dagane er skulen farga Rosa, Blå eller Gul ettersom alle kler seg i den fargen som aksjonsdagen representerer. Skulen er stolt over dei flotte bidraga elevane gir til forskning på kreft. Vi har også fellesmiddag til russen på 16 mai.Aktivitetar 14.jpg

I november kvart år er det Internasjonal dag på skulen og det blir laga mat frå alle verdenshjørner som selgast på matmarkedet i biblioteket. Her er det også konsert med god stemning! Inntekta frå denne dagen går til Prosjekt Malawi UB.

Aktivitetar 8.jpg

I desember er det blitt ein tradisjon at fellesområdet luktar jul når alle klassane stiller ut sitt peparkakehus i konkurranse om p være den mest kreative klassen.blobid1.jpg

Bildet: Peparkakebyen i fellesarealet. 

blobid2.jpg

Andre aktivitetar elevane kan være med på i storefri er: Fotokonkurransar, quiz, kahoot, footbowling eller film i fellesarealet. Vi markerer også Valentines og Halloween. 

For å bidra til å skape gode klassemiljø får alle VG1-klassane sine elevmentorar som gjennom Draumeskule-prosjektet er i klassen og har bli kjent-øvelsar etc.