Læring, inspirasjon og trivsel

Flora vgs bygning

Skulen sin visjon er å vere ein stad for læring, inspirasjon og trivsel.

Vi trur at læring gir inspirasjon, noko som fører til auka trivsel hos elevane våre. Auka trivsel gir betre læring.

Det betyr at alle tilsette jobbar for å få elevane til å lære m.a. gjennom målretta utviklingsarbeid på til dømes vurdering og yrkesretting av fellesfag. Vi ønskjer å inspirere elevane m.a. gjennnom arbeid med entreprenørskap, internasjonalisering og ikkje minst eit omfattande samarbeid med nærings- og arbeidsliv. Skulen ligg høgt på gjennomføring, og jobbar aktivt med trivselstiltak gjennom miljøkoordinator, rådgjevarteneste og gjennom elevane si medverknad i elevråd og elevutval.