Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje sal, service og reiseliv
Fordi du gjennom faget raskt kan komme ut i spennande yrke etter berre to år på skule. Faget er bygd opp på ein måte som gjer at du får innblikk i heile prosessen som er viktig for å enten starte opp eller drive ei besdrift. Service er viktig i alle bedrifter. Det samme er økonomi, marknadsføring og IKT. Dersom du kunne tenke deg å vere bedrifta sitt ansikt utad og jobbe med kundebehandling kan sal, service og reiseliv vere den rette linja for deg. Du lærer
- kundebehandling og salg
- administrasjon og tekstbehandling
- om reiseliv, turisme og varetransport
- elektronisk dokumentbehandling