Velkomen til Flora vgs
Vi gler oss til å bli betre kjent med deg. Å starte på ny skule er både utfordrande og spennande. Du skal jobbe med nye fag, du vil få nye lærarar og ikkje minst du får sjansen til å bli kjent med mange nye ungdomar. Vi brukar ein god del ressursar på å legge til rette for at de som er elevar her skal ha gode dagar både på skulen og etter skuletid. Å skape eit trygt og godt skulemiljø er eit lagarbeid der alle er med og bidreg, velkomen til å bli med på dette laget.
Her har vi samla viktig informasjon til elevar og føresette:
Skulestart måndag 17.08:
- Elevar på VG1 yrkesfag får tilsendt sms frå kontaktlærar om oppmøtetidspunkt med individuell samtale saman med føresette. Når du kjem til skulen er der elevmentorar som følger deg til rett klasserom. Tysdag blir det utlån av bøker etter plan på Teams, og ein kan leige bokskåp (100,- kontant for 1 års leige.)
-Elevar på VG1 studie/idrett og klassen 0AOA: Oppmøte i fellesområdet kl 08:45. Der vil rektor ønske velkomen, før ein følger kontaktlærar til klasseromma. Ein avsluttar dagen kl 13:45. Tysdag blir det utlån av bøker etter plan på Teams, og ein kan leige bokskåp (100,- kontant for 1 års leige.)
- Elevar på VG2: Oppmøte i fellesområdet kl 09:30. Der vil rektor ønske velkomen, før ein møter kontaktlærar og går til klasseromma. Deretter er det utlån av bøker etter plan på Teams, og ein kan leige bokskåp (100,- kontant for 1 års leige.) Ein avsluttar dagen kl 14:30.
- Elevar i VG3: Oppmøte i fellesområdet kl 10:30. Der vil rektor ønske velkomen, før ein møter kontaktlærar og går til klasseromma. Deretter er det utlån av bøker og ein kan få leige bokskåp (100,- kontant for 1 års leige.) Ein avsluttar dagen kl 15:30.
Tysdag 18.08:
Alle klasser har undervisning etter timeplanen.
VG1: Det blir utlån av lærebøker etter plan på Teams og ein kan leige bokskåp. (100,- kontant for 1 års leige.)
Vaksenopplæring:
Det er oppstart 31.08. Meir informasjon kjem.
Angåande inndeling i klassar
Skuleleiinga deler inn elevane i klassar ut frå reglane om dette i kapittel 14 i opplæringslova. I tillegg vil skulen ta individuelle omsyn der det ligg føre informasjon om tungtvegande grunnar for dette. Dette er informasjon som den vidaregåande skulen får frå ungdomsskulen etter samtykke frå elev og føresett.
Informasjon i Teams og Visma InSchool (VIS)
Teams: Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og instruksar til Teams.
Elevkommunikasjon mellom leiing, lærar og elev vil skje der. Der vil du og finne fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktige for din skulekvardag.
Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Teams, og som elev er du ansvarleg for å halde deg fagleg (og dagleg) oppdatert på oppgåver, lekser og beskjedar som vert gitt.
VIS:
Vestland fylkeskommune bruker Visma InSchool (VIS) som sitt skuleadministrative system. VIS skal brukast av elevar, tilsette og føresette. I VIS er det lagt til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen, her finn ein timeplan, karakterer, søknader/svar på søknader om div.
Heimeside og sosiale medier
På skulens heimeside finn ein relevant informasjon og på sosiale medier blir det kommunisert frå dag til dag kva som skjer på skulen.
Heimeside: www.flora.vgs.no
Facebook: Flora vidaregåande skule
Snapchat: floravgs
Instagram: floravgs_
Draumeskulen
Alle elevar fortener ein god skulestart og ein godt klassemiljø. Med Draumeskulen har vi etablert rammer og reiskap som hjelper oss med nettopp dette. Draumeskulen er ein modell mange skular rundt i landet brukar for å jobbe systematisk med det psykososiale læringsmiljøet på skulen, ut i frå eit helsefremmande perspektiv. Målet med dette tiltaket er å styrke elevane si tilhøyrsle, medverknad og motivasjon.
Kjernen i modellen er elevmentorar. Alle VG1-klassar har 2-3 elevmentorar, som består av elevar frå VG2. Dei har saman med ein ressursperson, ulike opplegg i klassa for å bidra til eit godt klassemiljø, og for at elevane skal føle seg sett og ivaretatt. Dei tar også i mot elevane på første skuledag.
Avtale om lån av lærebøker og utstyr
Du kan låne bøker til utdanninga di på vidaregåande skule gratis.
Lenka finn du på heimesida: www.floravgs.no : Aktuelle saker: Avtale om lån av lærebøker
Dette krev at du signerer ein låneavtale med fylkeskommunen. Dersom elev er under 18 år, må også føresett signere på avtalen. Klikk på lenke og eleven loggar seg inn med bank-id, les gjennom avtalen og signerer digitalt. Når eleven har signert, vil det gå ein sms til telefonnummeret til den føresette som eleven har oppgjeve under si signering. Sms-en vil innehalde ei lenke. Den føresette må klikke på lenka, logge seg inn med bank-id og signere avtalen digitalt.
Når eleven henter ut lærebøkene første skuleveke, viser ein tilsendt epost (frå post@vlfk.no) av signert kontrakt.
Skuleskyss
Hugs å søke om / fornye skuleskyss for skuleåret 2026/2027
Elevar i vidaregåande skule som bur meir enn seks kilometer frå skulen*, har rett til skuleskyss.. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda. *) rekna utifrå gangbar veg.
Du søkjer på https://skuleskyss.vlfk.no Du bør søkje snarast då det er litt sakshandsamingstid.
Dersom du har rett til skyss, og har søkt innan skulestart, skal du ikkje betale for skuleskyss til og frå skule dei første vekene. Ta kontakt i resepsjonen (evt via tlf 57637600) om du får problem med fri skyss.
Dei som vel mobilbillett når dei søkjer skyss får snarleg tilgang til billett (må ha SKYSS APP på mobilen). Vel du derimot skysskort tek det lenger tid fordi kort må produserast og sendast pr post.
Dersom du har mobilbillett/skysskort for vidaregåande skule frå før må du likevel søkje om skuleskyss gjeldande for dette skuleåret.
Lenke til samtykkeskjema for bilder
Samtykkeskjema publisering av bilete og for utveksling av informasjon
Elev-PC
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune (VLFK). Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart.
Du kan velje å bruke eiga maskin, kjøpe i butikk eller kjøpe subsidiert elev-PC gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune.
Lenke til bestilling av elev-pc:
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/
• Tilbodet gjeld berre for vg 1 -elevar. Du vil difor ikkje få tilbod om kjøp av elev-pc med rabattert pris gjennom fylkeskommunen i vg 2 eller vg 3.
• Elevar ved vaksenopplæringa som startar direkte på vg2 eller vg3 pga tidlegare realkompetanse, har også rett til å bestille pc.
• Ved bestilling er det elev som må logge seg inn for å bestille. Dersom andre enn vg1-elev med bekrefta skuleplass loggar seg inn, vil ikkje bestillinga bli godkjent.
Søk lånekassen om stipend/lån
Alle som går på vidaregåande skule har rett til utstyrsstipend. Summen vil variere avhengig av kva utdanningsprogram du skal gå på. Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend. Hybelbuarar med over 40 km reiseveg, eller reisetid på meir enn 3 timar om dagen, eller som har andre særlege årsaker til at dei ikkje kan bu heime, har rett på bortebuarstipend. Du kan søke om stipend/lån no. Lånekassen behandlar saka så snart du har fått bekrefta skuleplass.
Informasjon til hybelbuarar
På Teams vert alle hybelbuarar lagt til i Teamet: Hybelbuarar 2026-27. Her kjem det informasjon fortløpande ang hybelbuarmiddagar, aktivitetar m.a. Nokre aktivitetar er på plass, sjå planen nederst.
Hvis du har spørsmål eller har behov for hjelp med noko, ta kontakt med Aud Venke. Epost: aud.venke.askevold@vlfk.no
Aktivitetar i storefri: Veke 34
|
Dag: |
Kva skjer: |
Klokkeslett: |
|
Mandag 17.08 |
Kahoot i kantina for VG1-elevane |
12.00-12.25 |
|
Mandag 17.08 |
Utdeling av lærebøker og bokskap |
Heile dagen |
|
Tysdag 18.08 |
Kortspel i kantina |
12.00-12.25 |
|
Tysdag 18.08 |
Utdeling av lærebøker og bokskap |
Heile dagen |
|
Onsdag 19.08 |
Biljardturnering og bordtennis i kjellerstua |
12.00-12.25 |
|
Torsdag 20.08 |
FIFA-turnering for VG1-elevane i Auditorium 2 |
12.00-12-25 |
|
Fredag 21.08 |
Footbowling i fellesarealet for VG1-elevane |
12.00-12.25 |
