Vi starta veka med Innovasjonscamp for elevar i biologi, entreprenørskap, IT og frå TIF-avdelinga.
Fokuset var økt verdiskapning i havbruksnæringa og frå næringa var Cargill/Ewos, NCE-seafood, studentar frå NHH og Ungt entreprenørskap tilstades.
Elevane jobba i grupper med oppgåve og ein presenterte løysinga si i auditoriumet. Gruppa som vant hadde ideen om alternativt for. Løysninga deira gjekk ut på larver og snegler som for, som ville vere ein meir bærekraftig løysning og gi fleire norske arbeidsplassar. Gruppa bestod av Jeineetha 2STA, Sofia 2STB, Emil 2STA, Sander 2STA, Petter Andre 2PINA og Mikal 3STA. Gratulerer