Vi ønsker foreldre/føresette med elevar på vg1 og vg2 velkomne til eit interessant foredrag
Dato: onsdag 17. september kl. 18:00 – 19:45
Stad: festsalen på Florø kulturhus
Lenke til videohelsing frå Arman Vestad:
Arman Flora vgs 2025 - YouTube
Påmelding :
Foreldreforedrag med Arman Vestad - Flora vgs
Som dei viktigaste personane i ungdommen din sitt liv og oppvekst er de med dette invitert til eit møte med Arman Vestad. Arman gjekk frå å vere ein hardbarka kriminell, til å få ei leiarstilling i staten, og til å halde foredrag i inn- og utland.
Arman hugsar godt når det begynte å skli ut for han sjølv, og det var akkurat i den alderen barna dykkar er no. Sjølv om han er ein generasjon eldre enn elevane på vg1 og vg2, er det dei same behova som gjeld i dag, som då han var ung. Han hadde eit behov for å bli sett av andre, kjenne på tilhøyrsle og oppleve meistring. Slik gjekk det ikkje….
Sterk, Snill og Ubehagelig er eit program som har til føremål å knyte skule, ungdom og foreldre tettare saman. Vi håper å kunne bidra til å avdekke utfordringar som er gjeldande i ungdomsgruppa, og gjennom det skape ei felles forståing på tvers av generasjonar, slik at vi betre greier å snakke saman om vanskelege ting.
Programmet er sponsorfinansiert av Sparebank 1.
Hjarteleg velkomen!